Om Todalen til Bolstadstølen

Frå Bolstad til Bolstadstølen, om Todalen.

av Norvall Bolstad

Eg kan ikkje finna anna omtale av den gamle vegen frå Bolstad til Todalen enn det som står i Bolstadboka. Likevel har eg prøvd skreve ned det eg har funne ut av å leita i marka, med god hjelp av m.a Maria Horvei Rasdalen var tidleg busett. Difor er det truleg også eldre vegar opp. Rasdølane nytta m.a. Bolstadmarka som veg, reitleveg, om Freisføte, Rostingsmyra, Reitlehjellen og Tortnadalen. (omtala seinare) Eg prøver her å beskriva den vegen som er rekna som gamle vegen så godt det let seg gjera. Ein del av vegen er i dag heilt borte. Nedste delen, opp frå Bolstad fòr m.a. i ny Rasdalsveg, Jernbanen og E 16. Opp mot Flåten vart det nydyrking i traseén. Velteplassen fòr med litt. I 2008 fór røyrgate til ny kraftstasjon med sin del. Tek ein utgangspunkt i Bolstadgarden (frå den tid gardsbruka var samla, rundt 1740) så byrja truleg vegen her. Den gjekk truleg inn bakkane, mot, idag kalla Akerlikleiva. Frå denne og opp på Runningen var det ”staseleg” veg. Eg kan hugsa Pergarden frakta turrhøy denne vegen, med hest og kjerra. Vidare gjekk vegen opp på Lamhushaugen. Om lag 50m opp frå krysset på Flåten ser ein i dag restane av ei grind. Om lag gjennom her gjekk vegen. Vegen svingar litt til venstre og passerar ei myr der ein enno, 2003, finn stokkar som truleg er lagt ned i vegen. Dei ligg rett under torva. Vidare opp mot der den møter fyllinga som utgjer Velteplassen. På andre sida av Velteplassen, i Porsmyrshammaren, finn ein vegen att. Ein ser den som eit ”hakk” i hammaren. Oppe på hammaren går den slakt opp. I dette området er vegen godt synleg, omlag 1,5m brei, og kryssar etter kvart nyevegen. Den går no i fleire svingar mellom, og om lag parallelt med svingane på nyevegen. Der det byrjar verta særs bratt, mellom dei to øvste svingane, er vegen meir eller mindre vekke i murar, skjæringar og ur. Ein kan sjå det som truleg er ein del av den nedanfor nyevegen, der ein går opp Todalen. Vegen kan synest å gå i tettare svingar, Midtløypekrokane, siste delen opp i Todalen. I Bolstadboka kan ein lesa meir om «Gamlevegen». Langs (nye) Rasdalsvegen vil ein finna restar av 2 utløer. Den fyrste finn ein nedst i Botnen, om lag midt på ”strekkja” før fyrste svingen, nedanfor vegen. Det ligg ein del matrialar og takpanner i området. Truleg ein tenkt å byggja ei ny løe.

Løe i Botnen 2007

Andre løa ligg også nedanfor vegen, rett før svingen der det tidlegare var kommunal bosplass. Den ligg berre nokre få meter frå vegen. Kan henda arbeidsfolket som bygde nye Rasdalsvegen fann ly og åt nista si her? Gamlevegen gjekk og nær denne løa.

Løa i Botnen. 2007

Dette var Nigardsløa i Botnen. I 2008 er granskogen i området hogd. Der løa låg er no ei steinfylling, for å gje plass til tillaupsrøyr til kraftstasjonen som nyttar fallet frå Rasdalen til Bolstad. Kraftstasjonen skal liggja tvers over elva for dei gamle kvernhusa til Bolstadgarden! Det skal gravast ned røyr frå berget og ned til elva, like ovanfor E16 brua. Det er hogge ei gate med skog heile vegen ned. Dette har resultert i at mykje av den gamle vegen til Rasdalen er kome til syne.

Turen vår startar rett før ein kjem i Rasdalsberget, der skilta til gamlevegen (Tostigen) til Rasdalen i dag står. Ein finn nokså greitt vegen inn Todalen. Litt sikk sakk opp fyrste brekka (gammal veg). På vegen opp ligg det ein svær stein til venstre, og bak denne ligg det rester av enno ei lita løe.

Todalsløa

Dette er Todalsløa (Nigardsløe). I dag reknar me dette området som nedste delen av Todalen. Det kan ikkje nett ha vore store slåtter kring løa. Løa er ca 2x2 m.

Frå Bolstad og opp til Todalen gjekk det fleire vegar, alt etter utviklinga. Den fyrste gjekk mest truleg opp Laupe, via Klype, Porsmyrane, opp og inn Løypeslia og inn Rasdalslia. Om lag der ein kjem inn i Rasdalsvegen (i ein sving) var det eit løype dei nytta til ved og tømmer som skulle til Bolstad. Ein drog dette vidare ned i Klype(ved Maria sitt hus) og drog det så ned i Løype (det inste ”dalføret” i Perbrekkene) som enda bak løa til Leif Akerli, omlag ovanfor jernbaneovergangen. Før jernbanen, og den nye Rasdalsvegen kom, var det naturleg at Løype enda nede på Bleikebakken, nede ved båtstøa i elva. Tømmer og ved til sals løypte dei so på elva, ned i fjorden. Dei leverte truleg ein del av hogsten til Bergen. Tømmer vart kan henda fløtt til Tysso for saging. Dei hadde tidleg sag på Tysso.

Seinare kom Sandvegen, Flåten vart rydda, vegen opp Hedlekloppe vart bygd og ein kunne ta seg opp her og vidare opp Laupeslia. Etter kvart kom Rasdalsvegen.

Vel oppe kjem ein inn på ein fin, steinsett veg (store heller) som fører oss inn i Todalen. Ein skal vera heldig dersom ein går denne vegen til endes utan å stiga på ei laus helle. Det vert ein spesiell lyd når ein stig på ei slik helle og det seier klikk klakk. Ein litt ”skummel” lyd, inne i den trange dalen.

Ein del av hellevegen i Todalen, 2007

Eit stykke inne i dalen går steinhellevegen over i ein sti, opp eit brattare parti.

Om lag 100 m oppe delar vegen seg. Gamlevegen til Rasdalen går til venstre. Her er vegen steinsett opp mot Tostigen (ei ”bru”) som fører vidare gjennom ei to, opp på høgda og ned til Nedre Rasdal (Nerjore). Vegen vart restaurert for ein del år sidan og står omtala i Bolstadboka.

Me tek oss til høgre i vegdele, gjennom ein liten skog av gran. Ein får lyst å hogga litt, slik at vegen vert meir synleg. Vegen fylgjer no ein rygg, og "sikksakkar" seg mellom steinar og småknausar. Det seiest å vera ei stor hule ein eller annan stad i dette terrenget. Ein kan sjå ein muleg inngang til hula i Todalsberget, nede frå Freisføte.

Me kjem snart til eit myrdrag, Todalsmyra, som fører oss til øvre enden av Tortnaskaret. I enden av myrdraget vil ein no koma til ei lita brekke ned. Til venstre ser ein ein sti som fører mot Rasdalen. Stien er i dag mest brukt av hjorten. I alle fall er det alltid hjortetrakk her. Rett fram ser ein Tortnadalen og Tortnadalsmyra. På skrå ut mot høgre ligg Tortnahaugane og ned til høgre Tortnaskaret.

På vegen ned brekka vil ein den dag i dag støyta på restane av eit ståltrådgjerde. Den var i lang tid lett å snubla i. Tidlegare var det risgarde her. (Todalsgarden). Dette for å hindra husdyr i å fara i Rasdalen eller andre vegen.

Nokon har ”nøsta” opp strengen, 2007

Skiljet mellom Rasdalen og Bolstad er av naturen skapt slik at det er få plassar det er råd å koma den eine eller den andre vegen. Nokre gjerdestubbar, eller risgardar i Kristiantona, her me står og ved Kapitlaløa var nok til å stoppa dyra frå å fara i Rasdalen, eller motsett veg. I tillegg var det risgard frå Kleivaberget, under Kleiva, ned mot Geitelva. Frå andre sida av elva og opp til Mork var det stadvis garde langs hammaren opp mot Korpelsmettet og Morkasmettet. Denne risgarden står og omtala under Gamlevegen til Bolstadstølen.

Er ein på jakt etter hjort eller storfugl kan ein å ta seg ein tur bort i Tortnahaugane. Det kan då vera lurt å ta seg litt ned til høgre og opp ei brekke som fører til Midthaugen. Her er det spanande å jakta. På venstre sida er det ein dal, og bortanfor den ein høg knaus, Heimste haugen. Ut til høgre ser ein eit lite dalføre, nærast ein hjelle. Ytste kanten her kallar ein Tortnaskarsrinden. Frå denne finn ein Harasmåget, ( ein finn fleire Harasmåg i marka) som fører ned til Rostingsmyra. Turen langs Midthaugen og seinare over i Ytste Haugen vil etterkvart enda i eit område med mykje stor ”sprakje”. I dette området er det veldig ofte hjort i daglège, og veldig ofte storfugl… så vær klar med børsa. Enten jakta var vellukka eller ikkje så kan ein no ta til venstre, ned ein bratt brekke og er nede i vegen som fører innatt på Tortnadalsmyra. I dette området var det tidlegare ei halvtekkje der ein torka torv.

Ein kan og ta ned til høgre, og ta den vegen ein ynskjer, som til dømes opp Kleiva, under Kleiva, til Kleivaløene eller heimatt via hytta til Anved, Raudaskarvet og Fraisføte eller til høgre ned Reitlehjellen til Rostingsmyra og heim om Fraisføte.

Men me skal vidare. Frå brekka går me halveges inn Tortnadalsmyra. Til høgre går det ein veg opp til eit lite skard

Tortnaskarsmyra, 2007.

Her ligg Kapitlaløa, ingen har ei god forklaring på namnet, også kalla Rasdalshaugløa. Løa er dessverre ikkje synleg lenger, men den ligg i området til venstre for bekken som kjem frå skardet. Det er mykje sprake og ei stor furu ved løa. Berre for om lag 20 år sidan var løa synleg, med litt tømmer, og hjørnesteinar intakt. Eg kan hugsa det låg restar av eit par ski innunder stokkane. Løa var lita og romma berre nokre få bører høy. I dette området eigde èin gard slåtta og ein annan gard skogen. Dette var vanleg før i tida, i utmarka.

Høyet vart frakta til gards via Kleivamyra, Raudaskarvet og Freisføte. Dette av di det frå Kleivamyra og heim var god braut etter dei som høya på Fagerbrekkene, øvst og nest i Lia, og etter dei som frakta høy frå løa i Brislingabotn og Elvaløa. Tømmer og ved vart mest truleg løypt ned Tortnaskaret for så å verta drege ned Steinura og Laupe, eller seinare, om Flåten.

Kapitlaløa, om lag midt i biletet. 2007

Me tek oss opp vegen gjennom skardet, til høgre for løa, langs bekken. Me kjem no opp i eit meir ope terreng og vegetasjonen endrar seg m.a. frå ”tung” lauvskog til mindre blandingskog, mest furu. Hald no til venstre for myrdraget ein kjem til og ein vil no sjå ned mot Rasdalen. Sjølv om det ikkje alltid er lett å finna stien så ser ein at det er naturleg å fylgja høgdedraget til venstre. Ein vil etterkvart få ein djup dal til høgre, men hald til venstre for denne.

Over den nemnde dalen og opp i haugen på andre sida vil ein vera oppe på det som heiter Kleivahaugen, med Kleivaberget under. Herifrå er det ei fantastisk utsikt over heimste delen av Bolstadmarka. Det er vel verd turen!

Tek ein turen bort i haugen kan ein òg gå haugen til endes, utover, og koma ned på Nyastølsmyra som ligg i enden av dalføret vårt. Flåtane og Perane hadde slåtter på og ikring myra. Frå Nyastølsmyra kan ein ta turen ned på Kleiva, for å sjå m.a. fin utsikt og løene som ligg i dette området. Vegen ned er rimeleg grei å finna. Ein kjem ned litt inne på Kleiva og omlag rett til høgre, ut mot Kleiva, oppe i skråninga til høgre vil ein finna ei lita løe. Om lag 2,20 m lang og 2 m brei. Mønet mot Mork og døropning mot hamralaget bak løa. Løa høyrer til Flåten

Til venstre for Kleiva kjem ein ut på Kleivabrekkhaugen. Også herifrå har ein flott utsikt til det meste av marka, frå Mork til Vetlestølen. Ser ein etter hjort… eller sau, er dette staden.

Løa på Kleiva. Flåten.

I bakgrunnen ser ein enden av Kleivamyra, 2007

Dersom ein no ikkje går ned Kleiva, men snur og går utover, og går myra til endes, vil ein få Bergabrekka og Lia rett i mot. Ein skal vera varsam på ytste delen av myra. Det er til dels hengjemyr enkelte stadar, og ein djup bekk som renn gjennom myra.

Til venstre ser ein ein haug, og oppe i denne ligg løa ein kallar for Løa Nedst i Lia. Staden heiter Dansingahaugen. Eit sagn seier at ein mann og ein bjørn „dansa“ rundt ei stor furu i haugen, derav namnet Dansingahaugen. Sagnet seier ingenting om lagnaden til verken bjørn eller mann. Eit anna opphav til namnet kan vera at her møttest budeier frå Ystestølen og slåttekarane i Lia til dans og anna moro. Ja, kven veit. Løa ligg på ein måte litt tungvint til, men det var på ei anna side praktisk å byggja her. Nedst i lia og nede på myra er det så vått til vanleg at ei løe plassert her ville føra til at det ville vera vanskeleg å halda høyet turt. Løa ville også lida av å stå i eit slikt miljø. Oppe i haugen er det turt og luftig, men høyet måtte berast i motbakke til løa. Slåttene var for det meste i Lia. Løa høyrer til Bergagarden

Løa nedst i Lia. I bakgrunnen Kleivamyra, 2007

Me snur og held fram på vegen mot Bolstadstølen. Vel oppe på Nyastølsmyra att, tek me oss litt innover myra til me kjem til ein liten dal, nærast eit skard, Harasmoget, som fører opp til høgre. Vidare til høgre, ut høgdedraget vil ein finna fleire stiar, men alle endar i Nonskaret. Ein veit at ein er kome dit når ein er der. Til venstre ser ein no eit lite men veldig trangt skar, Nonskaret. Kvar i frå ein ser sola ved nonstid i dette skaret er ikkje stadfesta, men mest truleg har folk i Nedre Rasdal gitt skaret namn. Skaret munnar ut i dalen som endar nede ved skulen i Rasdalen.

Rett fram vil ein sjå eit langt myrdrag, Nonskarsmyra. Dette myrdraget skal me fylgja til endes for så å ta oss ned, og bort i øvre delen av Lia. Det går greitt opp myrdraget, men vegen ned til Lia er kronglete. Sjølve stien ned er lett å finna, men mykje vindfall og utrast stein gjer det enkelte stadar vondt å gå. Vel nede i Lia vil ein nede til høgre sjå nokre store steinar. Like ved ein av dei ligg restane av Løa Øvst i Lia. Løa er forholdsvis stor og har takutstikk. Løa høyrde til Larsgarden. Den er om lag 4m lang og 3m brei. Har takutstikk mot Lia og møne same vegen.

Løa Øvst i Lia. I bakgrunnen vegen mot Fagerbrekkene, 2007

Me held fram opp Lia og held oss då langs vegen om lag i skilje mellom ura under Liaberget og myrdraget i Lia. Eit kvarters gange seinare er me på toppen av Fagerbrekkene og kan no, i sør, sjå Bergahaugen og sankebua til Nils E Bolstad på Bolstadstølen. Ta ein tur rett ut til høgre og du vil koma ut på Fagerbrekkborga. Flott utsikt.

I søre enden av Fagerbrekkmyra vil ein no, opp til venstre sjå vegen som fører over frå Rasdalen, og som i dag er den vanlegaste og snaraste vegen til Bolstadstølen. Til høgre ligg ei nyrestaurert og fin hytte som tidlegare var eigd av Håkon Bolstad og Alfred Berge i lag. No eigd av Bjarne Bolstad.

Peder (Steinhaujen) Bolstad ved gamlehytta

Like nedanfor vegen som fører over i Rasdalen står det ei kreksa av ei bjørk.(Truleg stua) Born har stor gleda av å klatra i denne. Nedanfor bjørka har det vore ei løe som me her kallar Fagerbrekkløa. Det er diverre vanskeleg å finna restar av løa, men Ingjald Bolstad har måla eit bilete av løa. På venstre sida av denne finn ein lett vegen ned mot Harevegen. Vindfalne trær gjer at vegvalet stadig endrar seg. Vel nede er det no lett veg til Bolstadstølen. Derav kan henda namnet Harevegen.