Opp Skonsvika

Av Norvall Bolstad

I 1723 er Skonsvik omtala som slåtter under Bolstad.

Dette kan tyda på at dersom det budde folk her så måtte det vera etter denne tid. Med omsyn til busetjing har sjølve Skonsvikbøen vore ein fin plass å bu. Plassen ligg lunt, men undersolt til, der den opnar seg som ein V, med nydeleg utsyn (nord) mot Bolstadfjorden og Tyssen. Kluftafjellet ligg tett innpå, som livd, frå vest. På austsida ser ein den gråe Hyvingen. Fjellformasjonane er slik her, at dersom du står nede i Skonsvika og det blæs austavind på Bolstadfjorden, så blæs det som oftast rett frå vest oppe på bøen.

Frå sør kjem Skonsvikelva ut or gjela, frå Verkagjela og Fribotnen, og renn like inntil bøen før ho stuper utfor fossen, ned i fjorden. Det som ein i dag omtala som Skonsvikbøen er ein etter måten stor flate inst i V-en. Nedanafor vert det vidare. Fleire små dalføre endar der dei stupbratte Skonsvikbrekkene tek over, like i fjorden.

I dag finn ein den kortaste vegen til Skonsvikbøen ved å ta seg opp skogsvegen mellom Hyvingen og Kluftafjellet. Halveges oppe i vegen kjem ein til ein granskog, og inne i den går stien. Det er berre å stupa inn i skogen, og vona at ein finn vegen. Om ein ikkje gjer det er det berre å gå der det er brattast. Det er lurt å gå på ryggen til venstre. Etter lauvfall ser ein då Skonsvikelva heile vegen. Uansett,… det er bratt heile vegen!! og tett granskog, heilt til det kjem til syne ein hammar. Under hammaren er det eit vegdele. Eit hjortetrakk går til høgre for hammaren og den gamle vegen til venstre. Det er lettast å ta til venstre rundt hammaren. No er ein kome opp Skonsviksbrekkena, og det flatar litt ut. Ein er no i eit parti der vegen er delvis borte, men hald litt til høgre mot ryggen om lag midt i området du ser. Treff du no ein rett rygg så vil du snart vera ved ei løa , Skonsvikløa. Eg har ikkje lukkast å finna noko namn på området kring løa.

Skonsvikløa

Løa ligg med utsikt mot fjorden og Tysso. Det er bygd opp ein voll på oppsida av løa, men det det er lite att av sjølve løa. Løa har, mest truleg, hatt opninga ( døra ) i enden mot vollen, og mønet same vegen. Av restane er det vanskeleg å sjå om løa er lafta av rundstokk eller øksa/skore tømmer. Kven som eig løa er uvisst, men den ligg på eigedomen til Bnr: 1/408 Nigarden. Utvendige mål: Lengd: ca 3.60 m. Breidd: ca 3.60 m.

Skonsvikløa 2005

Hjørnesteinar 2009

Frå denne løa kan ein ta turen vidare,på skrå mot Skonsvikselva og fylgja ein grei sti på ryggen til høgre, langs elva Oppe på sjølve bøen vil ein sjå at delar av den no er kledd med tett bjørkeskog,mestkratt å kalla. Det er ei stor hjortegrop på bøen.

Det kan sjå ut som det var rimeleg store slåtter i Skonsvika, men kan henda mindre med gras. Dette kan ha med at alt her ligg nordvendt.

Bruka på Bolstad hadde her felles slåtter og høyet vart drege ned Skonsvikbrekkene og frakta til gards på isen, eller med båt.

Det er spor etter to bygningar ved bøen, men desse er ikkje nemnd nokon stad. Dei ligg litt oppe i bakken mot vest, sett frå bøen. Far meinte det skulle vera fleire murar oppe i Skonsvika, men hugsa ikkje heilt kvar. Difor har eg leita… og funne. Det er litt spanande at det finst bygningar i marka som få har visst om. Har det likevel ein gong budd folk her?

Spor etter bygningar

Går ein frå Skonsvikbøen, langs elva, opp på høgre sida ca. 100m vil ein finna noko som likna eit byggverk. I ei lita ur ligg det nokre stokkar over eit hol mellom steinane og noko som kan sjå ut som ein inngang. Truleg er det nokon som har laga seg eit livd her.

Livd?

Løa i Maurabotnen

Ei anna løe ligg i Maurabotnen. Løa har truleg høyrd til fellesslåttene i Skonsvika. Den ligg aust for elva, heilt nede på kanten der terrenget super ned i eit mest uframkomeleg terreng, Kriken. For å koma hit tek ein til venstre nede ved Skonsvikløa og litt oppe på ryggen langs elva. Der finn ein eit naturleg vad over elva og vidare ein veg som skrår nedover, mot aust. Etter omlag 200 m. vil ein sjå løa, eller rettare, restane av denne, til venstre. Også denne løa ligg fint til, med utsikt mot fjorden, Det er faktisk ein liten bø ved løa, men elles er også denne omkransa av tett skog. Berre at i området her er bjørkeskogen svært kraftig, og ospeskogen nærast enorm. Dei største ospene har ein omkrins opp mot 2m. Av terrenget kan ein sjå at slåtteteigane kring løa har mykje vassig. I tillegg er det svært lite sol og truleg lite vind i området. Det har nok ikkje vore lett å få eit saftig høy turt her! Grunnane på løa er murte opp på alle sidene og av restane kan ein sjå at det har vore opning (dør) mot Skonsvikbøen. Løa er bygd (lafta) av øksa og skore tømmer. Utvendige mål: Lengd 3,50 m. Breidd 3,00 m.

Løa i Maurabotnen

Dersom ein no vil ta vegen heim Vetlestølsmarka, eller ned Hyvingen kan ein ta seg rett opp frå løa, opp gjennom ospeskogen. Ein skal vera godt kjend for å finna ein skikkeleg sti opp her, men det går ein veg på skrå opp og inn mot Hyvingen, den går mot ein liten hjelle som fører inn i Hyvingen, rett under Nesta Hyvingsmyra. Hjorten lurar seg ofte inn her, eller ut her, forbi postane. Ein tek seg no litt på skrå opp og ut att til ein kjem opp på ei skikkeleg våt myr. Her frå og opp mot Kartmerket reknar ein som Goffarbotn. No finst det fleire vegar som fører fram. Inst på myra, til venstre, finn ein vegen som fører inn på Nesta Hyvingsmyra. Herifrå kan ein ta seg ned i Hyvingsbotnen, eller ta til høgre midt på myra for så å fylgja ein grei sti rundt hammaren, litt på skrå ut og opp på Øvsta Hyvingsmyra.

Eit anna alternativ er å ta seg opp lia rett fram, litt på skrå utover. Heller ikkje her er det nokon god sti. Ein kjem då opp på ei ny myr, og kan hende treng ein ein pause. Den kan ein ta når ein no tek til venstre over myra og finn ein grei veg vidare, som opp til Øvsta Hyvingsmyra. Litt oppe i bakken vil ein no til venstre få auge på ei løe.

Løa i Goffarbotnen

Denne løa er òg omtala som løa utom Øvsta Hyvingsmyra. Løa høyrer til Nigarden. Den ligg fint til, like ved vegen og med utsikt mot fjorden og Tyssen. Løa er bygd på to langsgåande skorver, på hjørnesteinar, og med eit lite og luftig ”dalføre” mellom og har difor helde seg godt. Berre taket er rast ned, godt hjelpt av eit rotvelta tre. Store heller er reist langs veggane, på innsida. ”dalføret” har nok ført til betre plass og betre lufting av høyet.

Løa har mønet vendt aust/vest og har ikkje dør, men har hatt opning i begge møna der dei kasta turrhøyet inn, og tok det utatt. Akkurat i denne løa tok dei kan hende høyet ut or den store opninga under løa. Løa har hatt bordkledning som sutak og never og torvtak oppå. Utvendige mål: Lengd: 3,00 m. Breidd: 2,80 m.

Løa seiest bygd av ospestokkar, men ein finn og furustokkar som materiale. Stokkane er runde og er berre økse litt i ein del endar, for tilpassing ved laftinga. Ser ein nøye etter vil ein sjå at det òg er nytta ein del tidlegare brukte stokkar. Desse er øksa eller skorne. Ein ser det av di det er både hakk og hol i ein del av tømmeret, som ikkje er i bruk.

Om desse stokkane har tilhøyrt ein bygning heime på garden og frakta ut her eller om det er delar av ei anna løe eller bygning i området er uvisst. I og med desse stokkane truleg er skorne på sag og at det er ein god del inskripsjonar på stokkane er det i allefall rimeleg å tru at desse er flytta frå ein meir sentral plass i marka.

Ein kan undrast litt over plasseringa av denne løa. Rett nok ser det ut som om det har vore godt med høy på Øvsta Hyvingsmyra og i Goffarbotnen, men vel så mykje ser det ut til å ha vore kring Nesta Hyvingsmyra. Kan hende har det vore ei løe der og.. Eg har leita, men ikkje funne noko. Verken far eller Maria har høyrt om noko løe der.

Eller….er det slik at det tidlegare var ei løe på eller ved Nesta Hyvingsmyra og at denne vart riven, og at delar av denne vart brukt til løa Goffarbotnen? Ja,ein kan undrast over mykje medan ein ruslar i marka. Tenk om ”avhandlinga” kunne vore skrive for 100 år sidan. Høyet frå denne løa vart truleg frakta ned Hyvingen og til gards på isen eller med båt. Eller via Ystestølen, som frå Utlahjellsmyra.

Bergaløa

Bergaløa i Skonsvika ligg heilt øvst, oppom bøen, på austsida av elva. Ein finn nokså lett att vegen dersom ein held fram frå Skonsvikbøen mot gjela oppe i sør. Også her er det eit naturleg vad over elva, og løa ligg omlag 50 m. langs vegen, opp frå elva.

Vadet

Det er berre restar att av løa. Den ligg i ei skråning. Grunnane på nedsida er murt opp. Langs dei andre sidene ligg det litt att av trevirke. Av restane kan ein sjå at den hadde takutstikk på om lag 80 cm. Utstikk, møne og dør vende mot vest. Det er vakse opp ei stor osp i ”døropninga”. Av restane kan ein òg sjå at løa var bygd av rundstokk. Løa høyrer til Bergagarden, men har opp gjennom tidene vorte kalla Ågeta-løo. og seinare Gunnar-løo. Namnet Ågeta kan løa ha fått etter Ågeta Nils som hadde husmannsbruk på Strande på 1700 talet.(Bolstadboka s. 46). Namnet Gunnarløo har den truleg fått etter Gunnar Forthun. Han hogde ved i området under siste verdskrig og overnatta då i løa.Utvendige mål: Lengd 3,20 m. Med takutstikk 4,00 m. Breidd 3, 60 m.

Bergaløa

Utløgjelsmyra

Uttlajèllsmyrè kjem ein til dersom ein tek seg vidare opp langs vegen, forbi Ågetaløa. Vegen er godt synleg og går i lia om lag 100m. frå elva. Vegen skrår litt frå elva. Om lag halveges oppe går det ein stor hjelle opp og inn til venstre. Dette er truleg Utløhjellen. (Knut Bolstad sitt stadnamnskriv.)

Vel oppe vil ein få ei stor myr til venstre, mot aust. Dette er Utløhjellsmyra. (Vegen vert mindre synleg i enden av myrdraget. I enden av myra, i hellinga ned mot elva, ligg løene. I stadnamnskrivet til Knut Bolstad er det nemnd ei løe.

Maria og far fortel at det var 3 løer her, og at løene høyrde til Per- , Anved- , og Larsgarden. Flåtagarden hadde høystakk her ute. Utvendige mål på restane av den eine løa: Lengd 3.20 m.Breidd 3,00 m.

Utløhjellsløa

Dei gav seg kan henda tidleg å slå her. Det vart for strevsamt å få høyet til gards. Forutan den ein ser restar av i dag kan ein sjå ein naturleg flate, litt nærare elva, der det er rimeleg at den andre stod? Det som er att av den eine løa i dag vil nok syna oss staden enno ei tid. Den eine hjørnesteinen og ei ståande helle står som ein liten bauta i terrenget, medan ein berre kan sjå konturane av sjølve løa. Ved å studera restane av litt trevirke som er att, samt litt godvilje, kan ein rekna med at løa hadde mønet vendt mot Skonsvika, mot nord, og det kan sjå ut som døra/opningen har vore i enden mot gjela.

Utan at det går fram av restane er det naturleg at desse løene var bygd/lafta av tømmer på staden.. Ein måte dei kan ha frakta trevirke på, er hestetransport til Skonsvikggjane og derifrå drege det ned den bratte lia med handmakt. Eg har funne noko som kan likna på spor etter ei løe litt lengre oppe og inne på myra.

Løe

Det kan sjå ut som delar av den har stått oppe på ein stor stein. Det er teikn etter ein hjørnestein i eine enden av steinen.

I dag er det p.g.a. skog uråd å sjå kor slåtteteigane var, men delar av Utløhjellsmyra vart nok slege og sikkert hjellane opp mot Skonsvikeggjane. Kan hende var dei også over elva etter gras.Turrhøyet kan dei ha teke ned til fjorden og frakta til gards med båt, men på godt vinterføre var det mest naturleg å frakta høyet inn myra, inn i Goffarbotnen, vidare inn på Øvsta Hyvingsmyra og ned Hyvingen, til fjorden. Innom Utløhjellsmyra er det ei skråbrekke opp til høgre, der dei heilt sikkert måtte laga seg veg/braut for å koma inn i Goffarbotnen og Hyvingen. Det var vanleg å laga braut mange stadar i utmarka, når snøforholda gjorde det vanskeleg å få heim høyet vinterstid. Då mobiliserte ein på gardane. Alle var tent med å ha god braut frå utmarka. Det var nok og strevsamt å få høyet ned det bratte i Hyvingen. Det kan vera at dei brøytte seg vidare frå Øvsta Hyvingsmyra, til Langamyra, ut denne, mot Storhaugen og til venstre ned mot floren til Flåten, under Ystestølen. Herifrå var det god braut heilt heim, sidan dei også fòr denne vegen med høy frå Morkaløene.

For at ein no skal koma frå Utløhjellsmyra og opp til Skonsvikeggjane må ein ta seg på skrå opp lia langs elva. Stien som fører opp er mykje tilgrodd og er ikkje lett å fylgja. Står ein ved løene og ser mot lia, om lag 50 m oppe, vil ein i dag sjå mange vindfalne tre. Ein del av desse ligg over vegen. Dette kan vera eit greitt utgangspunkt for å finna vegen vidare. Dersom ein likevel ikkje finn vegen alle stadar er det viktig å halda avstanden frå elva. Ein må heile tida skrå seg litt i frå. På venstre sida, på veg opp, vil ein sjå og passera fleire hjellar som går mot aust. I desse finn ein sau -og hjortevegar som alle fører opp, ein eller annan stad mellom Skonsvikeggjane og Kartmerket. Vel ein å halda fram, opp lia,(det vert etter kvart veldig bratt) vil ein koma opp, ute under Raudhamrane.

Held ein derimot for langt til høgre, for nær elva, vil ein etter kvart møta ”veggen”. Ein er då på veg inn under fossen/stupet som fører Skonsvikelva ned frå Verkagjela og Fribotnen. Ikkje for det, det kan vera greitt å utforska naturen. Eg har vore der, fossen er fin den, men terrenget er ikkje nett skapt for folkevandring.

Den mest brukte vegen opp er rimeleg grei å finna. Ein går som sagt på skrå opp lia til ein kjem om lag så langt at ein ser Rauhamrane. I dette området vil ein og sjå at det no går ein større hjelle til venstre, mot aust. Finn ein hjellen, ja, då finn ein stien og. No er det lett å ta seg vidare opp på Skonsvikeggjane. Ein kjem opp om lag 200 m aust for Raudhamrane.

Vel oppe er ein kome i vassdele og vil no sjå store delar av Bolstadmarka og kan ta vegen kor ein vil. Dersom ein likar å gå på stiar vil ein finna fleire alternativ. M.a. kan ein finna sti langs Skonsvikeggjane, retning Bolstad, mot Kartmerket: Ei lita mast som er(var) godt synleg og som er eit referansepunkt for kartverket. Kartmerket har fått namnet sitt i samband med hjortejakta, ein hjortepost. Her hender det at hjorten kjem opp frå Goffarbotnen.. eller frå Hyvingen. Frå Kartmerket kan ein ta til høgre ned ei bratt brekke som fører ned til Langamyra. Ut til høgre, i andre enden av myra vil ein møta Storhaugen. Haugen verkar ikkje så stor frå denne sida og har derfor, mest truleg, fått namnet i samband med stølsdrifta på Ystestølen. Ta no ned til venstre og ein vil treffa på floren til Flåtagarden. Herifrå står vegane omtala under florane på Ystestølen. Tek ein til venstre for Kartmerket kan ein fylgja ein sti som fører til Øvsta Hyvingsmyra. Stien går midt oppe i ei brekke, med ein dal på høgre sida og ein haug til venstre. Stien fører til eit lite ”bråt” der den svingar til venstre og ned på Øvsta Hyvingsmyra.

Ein annan veg som fører frå Raudhamrane og ned til Ystestølen finn ein ved å ta seg bort der Raughamrane gradvis går over i ein hjelle/rygg. Ein tek seg inn på hjellen/ryggen fyrste staden det går an. Vel oppe vil ein finna ein bra sti ned.

Tek ein til høgre, opp, vil ein kunna fylgja denne opp på Raudhamrane. Stien dreiar no til venstre og ein vil få Verkagjela på høgre handa. Ein har ein vidt utsyn mot m.a. Fribotnen, Kluftafjellet og mot Verpelstadstølane. Er ein komen so langt er det verd å ta turen vidare opp på Morkafjellet. Stien opp er etter måten grei å fylgja. Ein treng heller ikkje fylgje stien då ein kan sjå Morkasteinen heile vegen. Er ein fyrst oppe ved steinen bør ein kosta på seg ti minuttar til og ta turen til toppen av Morkafjellet. Herifrå har ein vidt utsyn til alle kantar. Her er det berre godt å vera.

Til venstre fører stien ned mot ytste enden av Storhaugen. Medan ein ruslar ned ser ein til høgre, Storhammaren, svart og tung. Til venstre ser ein Skibakken, gråe svae, midt i eit terreng fullt av myrar. Merkeleg.

Skibakken, skarva midt i biletet.

Ein kjem til eit vegdele rett etter at ein har kryssa øvste delen av ei gjel (utan namn) og ein liten bekk. Haugen ein ser rett fram er Storhaugen. Går ein til høgre for haugen vil ein koma ned på Ystastølen. Til venstre for haugen går vegen litt over myr, men ein finn den att i det bratte ned mot Flåtaselet.

Dersom ein vil ta vegen frå Utløhjellsløene (denne vegen er og omtala framfor) til Øvsta Hyvingsmyra kan ein ta vegen innover Utløhjellsmyra. I enden av denne vil ein koma til ei brekke som fører ned til ei ”røys” med store steinar. Rett før ein kan ”ta” i steinane tek ein til høgre, på skrå opp, omlag midt i skråninga. Sumarsdagen kan det vera litt vanskeleg å finna stien opp, dette av di det er mykje blom i området. Er ein no på nokolunde rett spor vil ein koma opp på ein liten kant som ein skal svinga rundt, og ned eit lite stykke, i litt ulendt terreng. Her er det tydeleg sti. Ein er no kome inn i Goffarbotnen og vil ha ei bratte li inne i botnen. Ein kan sjølvsagt ta seg opp lia og koma opp til Kartmerket, men den naturlege vegen er til venstre, over myrdraget. Til venstre vil ein no sjå ned i meir av Goffarbotnen, og utan lauv på trea heilt ned i Maurabotnen. Dersom ein held høgda vil ein finna stien som fører forbi løa i Goffarbotnen og opp til Øvsta Hyvingsmyra.

Det vart mykje vegar å gå dette, men fortvil ikkje, tenk på dei som i hadde sitt vyrke i marka, med bygging av løer, slått, brøyting, heimføring av høy, vedhogst og tømmerhogst.