Utvikling av Bolstad gard

av Knut Bolstad

Den fyrste dyrkinga på Bolstad var flatane frå sjøen og heim til husi «Åkrane». Den gongen gjekk bøgarden langst etter Perbroti, Fossen, Gjilahamrane og tvers over løype langst etter Åshamrane og tvers over Gjedlanove.

Seinare vart so Vetleflåten lagt til heimabøen, og bøgarden vart då flytt opp i Storeflåtbråte. Oppegarden og Negarden fekk inst og Instegarden (Per og Einar), og so fekk, Anderstar og Bergagarden i Harkabrekkena.

Nigarden og Oppegarden var dei som rudde mest, og dei bygde opp Storemuren.

Den tid bøgarden gjekk etter Storeflåtbråte var der sett opp lamhus/sauhus med garden. Samtidig med at Vetleflåten vart lagt til heimaeigedomen vart òg Bertilbakkan, Kleivane, Hundahølholo og Øvstaholo lagt til heimaeigedomen, og bøgarden gjekk då vidare frå Bergahaugen, tvers over gjelet, til nest i Løype.

Neste utviding av heimaeigedomen var Storeflåten. Bøgarden vart flytta til sagi, og alle fekk kvar sin del av Storeflåten.

Det neste var at Negarden og Oppegarden gjerde inn Grindateigen, Runningen, Klype, Harkabrekkena, Lamhushaugen og øvste Harkabrekkena, og flytte bøgarden opp der han no er, på Porsmyrane.

Like etter gjerde Bergagarden og Larsgarden inn Bergåsen og Larsåsen

Og so til slutt tok Instegarden (Per og Einar) og gjerde inn Gamlatreet og Pertreet og flytte bøgarden til der den no går, frå Nygrinda til Høgåsen.

Oppegarden og Nigarden (ville so) gjerda inne heile Porsmyrane med bøgarden frå Pilefossen (Kvilefossen) og opp i Løypesberget. Men det sette dei andre på Bolstad seg i mot. Det vart semja om nye utvidinger av heimaeigedomen ved å flytta Bøgarden måtte alle oppsitjarane på Bolstad vera einige om.

Korleis koloniseringa av Strandi har gjenge for seg veit eg ikkje so mykje om.

Der som strandahusi står idag der var der tidlegare ein plassman, ein gamal plass som haure Einargarden til.

Tormodtreet var og ein plass, men om der har budt plassmann på den plassen veit eg ikkje.

Likeeins med Knuttræet, men der har ei tid budd ein plassmann.

Insteteigen vart "kolonisert" seinare, og der hadde alle på Bolstad kvar sin teig.

Korleis Bolstad har fenge eigedomsretten til eigedomane på andre sida av elvi, frå Skakkefallen til Øyraberget og Kleivi veit eg ikkje. Men har sikkert fenge dei i si tid av Hordvik anten i heimafygje eller faddergåve. Det var vanleg å gje jordstykke i slike høve. Dei tidlegare eigedomstilhøve på den strekningen kjenner eg heller ikkje til, men alle bruki på Bolstad hadde kvar sin teig der.

Øyrahjellen og Vodlane var sameige under Bolstad, og oppsitjarane på Bolstad delte det mellom seg og ville gjera det inn. Vossingane nekta dei det. Dei påstod att det var almenning og ville ha det som almenning, og innhegning for å ha kreture sine gåande der når dei skulle vidare til Bergen med dei, på skuter.

Vossingane reiste sak om Vodlane. Saka gjekk heilt til høgsterett. Den saka vart kostbar for mennene på Bolstad. Eitt år måtte dei slutta slåtten midt på sumaren for å reisa på skogen og hogga ved, og reisa med den til Bergen for å selja den, og betala sakførar og sakshandsaminga.

Men Bolstad vann saka. Dei gjerda Vodlane inn og realiserte delinga (tok kvar sin part til eiga)

Den fyrste som rudde dyrka på Vollen var han bestefar. Han førte 10 kiper møk over elva alt første året. Sidan tok dei fatt å rydda og dyrka alle saman.

Bolstad sine eigedomar på Drivo var sikkert gåve frå Vassenden, anten som heimafylje eller faddergåve.

Likeeins med eigedomen som Bolstad har i Vidjaneset, på hi sida av fjorden. Den har dei òg i si tid fenge av anten Horvik eller Tyssen.

Bolstad gjorde krav på Skånsvik som sin eigedom i sameige, slik som Vollen. Men verpelsted gjorde òg krav på eigedomen. Også denne saka gjekk til sakførsel. Denne òg vart dyr og ein måtte nok ein gong hogga skog for å betala sakførar. Bolstad vann også saka om Skånsvik. Skånsvik fekk ingen matrikkel. Så difor heiter det "Bolstad med Skånsvik". Etter at Bolstad vann saki om Skånsvik tok Bolstadgardane å skifte (delte) Skånsvik mellom seg.

Dette er litt soga om Bolstad, om eigedomsforhalda og utvikling so som eg har haurt fortalt, delvis av far og delvis av bestefar.