Vetlestølsmarka

av Norvall Bolstad

Den eldste, og snaraste vegen til Vetlestølen og Ystestølen byrja der husa til Anvedgarden (Oppegarden) sto, i byrjinga av Sandvegen. Den gjekk forbi Kvernhuset under Laupesfossen i Fossegroa. (Sandvegen, Gaushaugen, Vetletunellen, Skjeringa og Kvernhuset kom i vegen for ny jernbanetunell, og E16. Huset til Ingeborg og Anders og turkehuset i Poddemyra, likeeins. Smia til Leidulf, Akerlihuset og løa der fòr òg i E16..!) Vidare gjekk vegen under Laupeshammaren på skrå opp i Laupe. I min barndom var det ein hoppbakke i dette området, Lassebakkjenn. Like oppom bøgarden til Larsgarden går vegen til høgre, bratt opp. Vegen herifrå er ikkje særleg å gå verken for folk eller dyr. Det er vel tvilsamt om dei gjekk denne vegen med dyr. Bratt som det er, og ein del glatte skarv og myrsig. Kan henda det rauk til ei og anna ryggjabytta her. Etter kvart ”flatar” det litt ut.

Larsgarden si løe

Til høgre vil ein no sjå restane, murane av ei av høyløene i Åsen. Åsen, eller den delen av Åsen som Lars slo vart kalla Lasseåsen. Lars (Lasse) sleppte turrhøyet på løypestreng frå Åsen og ned til området framfor Kvernhuset. Dette heldt han på med til ut på 1960 talet. Eg kan hugsa godt at ein høyrde lyden av løypinga lang veg. Me synest det var spennande å sjå medan høyet kom susande og ”dundra” i bakken. Truleg var det frå området nær løa at løypestrengen gjekk. Løa ligg på kanten av Giljahamrane. Ein ser E16 og Bolstad i bakgrunnen på biletet. Vegen vidare er tilgrodd og delvis vekke, men det er berre å gå om lag beint opp. Det går tydeleg fram at det var mykje god slåttemark i Åsen.

Laksevåghuset

Mest oppe passerar ein nokre større murar. På desse murane sto ein husmannsplass. Eg kjenner ikkje til kven eller kor tid det budde folk her, men huset vart rive og bygd oppatt ytst på Øyri. Det vart kalla Laksevåghuset. Huset vart seinare rive i samband med utviding av gravplassen på Bolstad.

Ut mot fjorden ligg Bergaåsen (Bergagarden). Også her var det gode slåtter, men i øvste og yste delen var det òg godt med skog. Denne vart hogge på sekstitalet.? Lenge var dette ein god tyttebær plass. Det brukar å verta godt med tyttebær på hogstflater, spesielt trur eg dette gjeld der det er hogge furu. Det er i allefall tilfelle også ved Vetlestølen og i Ospehjellen. Ute på høgste Åsen og ned mot Hjellanovi vart det planta gran, som er stor i dag. Heilt nede på kanten, ute mot der ein ser ned i Geitebotnen (i dag, like ved ei stor maurtue) går det ein litt kronglete veg ned i denne. (Før du går ned, sjekk om du kjem over elva. Det er strevsamt å ta seg oppatt.) I øvre kanten av granskogen er det ei lita ”røys” med stein. Truleg er dette restane av ein røykomn for å fanga rev i. Far fortel at Håkon Bolstad hadde fleire slike i marka. Det er nemnd ei Bergåsløe, men denne har eg ikkje lukkast å finna.. Bergåsgrinda stod truleg i garen som gjekk ut mot kanten, ned mot Geitelva.

Frå murane av”Laksevåghuset” er det no kort veg opp til Åsgrinda og vidare opp i skogsvegen.

Går ein no litt til venstre i skogsvegen, langs garen vil ein finna litt restar etter nok ei løe, truleg Øvstaløo . Maria er usikker på kven dette er si. Litt lenger borte i skogsvegen finn ein Lessinga. Ei myr på høgre sida av skogsvegen, ei skikkeleg våt myr etter at skogsvegen delvis stengde for vatnet. I Lessinga mellomlagra dei tømmer og ved som vart hogd i området Smoghamrane, Bruamyrhamrane, og kan henda så langt ut som i Helvete. Me snur.

Vegen til Vetlestølen held fram langs kanten, mot elva, (der skogsvegen går) men skrår til venstre, inn mot Bruamyrhamrane. Bruamyra er våt. Det vart lagt ned steinheller ein del av vegen. Vidare er det litt skarv og småmyrar fram til Bruamyrbrua.

Brua vart truleg tidleg bygd då Geitelva er mest uråd å kryssa elles. Den er solid bygd, med høge brukàr. Det var òg tilgang på stor skog i området, til bygging av bruspenn. Geitelva kan vera skikkeleg stor, særs i snøsmeltinga, men òg til vanlig, med normal nedbør. Elva byrjar i Bergskaret og renn i ein dal med snøtunge fjell på båe sider.Trass i solid bru. Brua over Geitelva (Bruamyrbrua) vart teken av ein flaum 1955. For å få m.a. sauene heim dette året reiv Lars (Flåten) Bolstad floren sin på Vetlestølen for å byggja provisorisk bru av den. Vil ein fylgja elva innom brua vil ein oppleva eit spanande terreng. Her er det fossar og hølar, og ikkje minst ein del store jettegryter. Har du fisketroa med, og er varsam, kan du få fin fangst i hølane, men fisken er utruleg vàr. På andre sida av Bruamyrbrua går vegen på skrå (heimover) opp Bruamyrbrekka.

Bruamyrbrua

Den kryssar skogsvegen og held fram, enno på skrå opp heilt til kanten der ein ser ned mot Geitabotn. Herifrå går vegen (omlag) langs kanten, opp til venstre, til ein kjem til skogsvegen nok ein gong. I svingen på skogsvegen går det skogsveg ut mot Ospehjellen. Ein kryssar vegen og held fram langs kanten. Vegen vert lite nytta i dag og er vanskeleg å finna, fleire stadar. Vegar som er mykje nytta av fe vert ofte smale og djupe. Sjå etter fordjupningar i terrenget og du er truleg på rett veg.

Om ikkje lenge vil ein vera i heimste enden av Vetlestølen.

Vegen for/med hest og fe til Vetlestølen og vidare ut i Vetlestølsmarka hadde og som utgangspunkt Anvedgarden, (Oppegarden) men gjekk opp bak husa, opp på Gaushaugen, opp ein del av det me i dag kallar Sandvegen, til høgre oppe i enden av Løypeshammaren, over groa, opp Bertilbakken, mest til enden av nydyrkinga. (Flåtane dyrka i seinare tid opp eit stort stykke i Bertilbakken og delar av Perkleivane.)

Bertilbakken

Del av Perkleivane

Stien frå Bertilbakken og opp Perkleivane er lite synleg i dag, men skrår ein seg opp haugane (kleivar) i enden av Bertilbakken og held litt til høgre vil ein finna eit ”knep”. Vegen ned i Laupe.

Maria fortel at eldste vegen til Bolstadstølen også gjekk her. I staden for å kryssa Laupe gjekk vegen vidare til venstre, oppe på kantane, til Legena, til Nygaren, (Nygaren kom seinare) forbi Pilefossen, opp Steinura og inn på vegen som me brukar idag til Bolstadstølen. Ein kjem opp i skogsvegen i same området. Vegar til Bolstadstølen er omtala i ”Gamlevegen til Bolstadstølen.”

Om lag 10m opp i Laupe, på andre sida vil ein finna vegen att. I byrjinga er det mykje vassig og vegen er mest vekke, men hald på skrå opp og ut mot fjorden og du vil finna god sti. I alle fall skal du om litt koma til restane, murane av ei løe, Nestaløo.

Nestaløo, sett nedanfrå

Nestaløo, sett ovanfrå

Beint fram vil du no sjå grinda i bøgarden mellom Flåtagarden og Larsgarden. Det er for lenge sidan planta gran i grensa. Ikkje dumt. Det er etter kvart vorte solide ”jerastaur”

På andre sida av grinda skrår vegen vidare opp, og du vil om litt finna murane til Laksevåghuset og vil vera inne på vegen mot Åsgrinda.

Florane på Vetlestølen

Nigardsfloren, Bergafloren og Flåtafloren

I dag, 2013, er det heilt tilgrodd på bøen.

Flåtagarden

Flåtafloren låg der skogsvegen i dag endar, oppe på stølsbøen. Ein kan sjå ei lita skarv like ved floren. Det er svært lite att av denne floren i dag, men nok til å stadfesta kor han var. Til liks med alle florane på Vetlestølen kan me rekna med at også denne var rimeleg stor, om lag 4m brei og 5m lang. Det er uvisst kva veg floren stod, men truleg med døra og møne vendt mot stølsbøen.

Flåtafloren

Nigarden

Floren står heilt ute på kanten, mot fjorden, og på eit skarv. Denne ligg lengst heime på bøen.

I restane av floren finn ein steinhellene som tente som vegg mellom laftinga og terrenget, og nokre av hellene som skilde kyrne. Floren har nokså høge hjørnesteinar, som tyder på at underlaget ikkje har vore heilt plant. Bygd av saga eller øksa tømmer og lafta. Veldig fin lafting. Døra vender mot Geitelva og mønet same vegen. Utvendige mål: Lengd 4,4 m. Breidd 4,7 m.

Nigardsfloren (2003)

Bergagarden

Floren ligg i eit lite søkk, mest som myr å rekna, heime på flaten. Floren har lidd av at det har vore mykje fukt i området. Berre omrisset og nokre stokkar visar att av floren. Bygd av rundtømmer og øksa i endane. Døra vender ut mot fjorden, mønet peika også denne vegen. Utvendig mål: Lengd ca 5,2 m. Breidd ca 4,o m.

Bergafloren (2003)

Anvedgarden

Anvedfloren ligg ca. 500 m. frå sjølve Vetlestølen, lenger ut i marka. Floren ligg fint til, like ved vegen. Vegen (stien) frå Vetlestølen til Anvedfloren er enno godt synleg og lett å ta seg fram i. Det er planta ny gran i området. Det er ikkje sikkert at her er gåande om 50 år!? Området kring floren er stort sett flatt og ligg like ved Skrivarmyra. Midt på myra ligg Skrivarsteinen. Steinen er godt kvit. Og som namnet tilseier har det nok vore ein del skriving på steinen og emnet har vel ofte, kan henda, vore romantikk. Anvedfloren er bygd (lafta) av rundtømmer, men tømmeret er øksa i endane for å letta arbeidet med laftinga. Døra på floren vender mot vegen og Ospehjellen, mønet vender same vegen. Det er ein liten lufteopning, 40 cm+ 40 cm, i motsett ende. Denne er truleg og nytta til å kasta møka ut. Utvendige mål: Lengd 5,2m. Breidd 4,5 m.

Anvedfloren , Skrivarsteinen til høgre (2000)

Far ved Skrivarsteinen (2000)

Larsgarden

Larsfloren låg ca.100 m. frå Anvedfloren, mot Ospehjellen, på skrå heim. Ein må kryssa ein liten dal for å koma opp til floren. Floren ligg oppe på ein liten haug og er svært lite att av. Den er mest umogleg å få auga på inne mellom bjørk, gran og anna buskas.

Larsfloren (2005)

Eit dyreskilje (2005) Pergarden

Perfloren ligg ca.1km. frå Vetlestølen. For å koma til Perfloren held ein fram på vegen forbi Anvedfloren, i kanten av Skrivarmyra, på ein enno godt synleg sti. Rett nok er den mindre synleg over nokre små myrdrag. Truleg har vegen endra seg litt i dette partiet, i samband med uthogging av området omkring 1990

Også Perfloren ligg tett atmed vegen. Nedanfor floren er det ei stor grasmyr som har vore inngjerda. Kyrne vart utestengd frå dette jordstykket men og gjerne samla her. Dei gjødsla og slo graset på jordstykket. Dette var vanleg kring dei fleste florar. Som ein veit så flytte dei dyra tidleg til Ystestølen og graset kring Vetlestølen og inngjerdingane fekk vekse til langt på sumaren. Høyet slo dei og turka flatt, og lagra det i høykabbar eller i den då tomme floren.

Ein kan enno sjå konturar av inngjerdinga. Det veks ein del lyng, små furuer og ein del bjørk i ein firkant ute på myra. Restar av eit ståltrådgjerde i eine enden av myra tyder på at ein også på Bolstad fylgde med i utviklinga.

Perfloren er den floren som er ”best” i stand av florane i Bolstadmarka. Berre for ca. 10 år sidan var floren i ein slik stand at ein kunne gå inn i den og stå tørt. I dag er taket rast saman og forfallet er synleg verre. Det er laga plass til 10 kyr i floren. I eine veggen kan ein sjå hola i tømmeret der halskjetting evt. tau vart festa og hola der dei slo inn kjeppar for å halda dyreskilje på plass. Som dyreskilje vart som oftast nytta store heller. Også ein del av desse står enno i Perfloren. Floren er lafta av saga og øksa tømmer. Døra på floren vender mot vegen og Ospehjellen, mønet vender same vegen og det er ein liten lufteopning, møkaopning, 40 x 40 cm, i motsett ende. Døråpning. Høgd 1,2 m. Breidd 0,9 m. Utvendige mål: Lengd 4,8 m. Breidd 5,2 m.

Perfloren (2005)

Perfloren (2009)

Perfloren

Inngjerding

Me tek oss vidare til Ystestølen. Stølen ligg om lag 1,5 km. frå Vetlestølen. Det er fleire vegar ut til Ystestølen. Ein held fram, frå Perfloren, kryssar bekken og går vidare opp eit lite myrdrag. Det er blautt her, eit stykke, men rett fram går vegen på eit langt skarv. Ein held fram til ein når toppen av brekka. No er ein komen på Brende, og ser inn i Mjølkistedalen. Utan at det syner nokon klar veg vil eg tru at med kyr og hest tok ein seg til venstre, over bekken og opp grasbakkane under Mjølkistehammaren, til Brende.

Etter å ha kryssa endå ei myr ( mest ei hengjemyr å kalla) kjem ein i eit turrare parti. Om litt vil ein sjå Haldorsdalen, attende, inn til høgre. På venstre sida har ein heile tida Mjølkistehammaren. Vegen kryssar om litt ”tunge” myrar, kalla Møyastokkane eller Møyastokkmyra. Det seiest at namnet kjem av at ein la ned stokkar i myrane slik at møyene, eller dei som var omhende (gravide) kunne gå trygt og turrskodd over. Den mest naturlege årsaka var vel at stokkane skulle hindra storfe og hestar i å siga ned i myra.

Omlag midt på myra ligg ein stor stein som har namnet Møyastokksteinen. Den er truleg nemnd av di den på eit vis er ei lita hindring, midt i vegen.

Møyastokksteinen.

I enden av myra byrjar siste oppstigninga til sjølve stølstreet. Ein kjem snart opp til fyrste florselet på Ystestølen. Var ein ”tomhendt” eller berre hadde ryggjabøra gjekk ein òg opp grasbakkane, men tok seg, som oftast, opp på Mjølkistehammaren i eit lite ”knep”, om lag midt i brekka. Vegen går her ein del på kvassaste eggja på hammaren. Lenger oppe går vegen nedunder kanten, mot elva. Stien er godt synleg og lett å gå, sjølv om det i byrjinga er litt bratt og ein del ”knep” å ta seg opp. Ned var nok vegen ein leik å gå. Turt og fint heile vegen. Etter omlag 15 min. gange er ein oppe på Frimyra og stølstreet på Ystestølen.

Ystestølen

Flåtagarden

Floren/stølen ligg i enden av Mjølkistedalen, rett før oppstigninga til sjølve stølstreet. Floren ligg om lag ved vegdelet som er nemnd ovanfor.

I dag er floren mest brukt som kvileplass for hjortejegrar på veg til postane sine.

Det er berre murar att, og av det ein kan lesa av terrenget ser det ut som døra har vore i den enden som peikar mot Ystestølen. Det er bygd/murt opp eit lite tre` i denne enden. Mønet har sannsynlegvis peika same vegen. Utvendige mål (på murane) : Lengd 4,9 m. Breidd 4,9 m.

Flåtafloren (2000)

Flåtafloren (2009)

Vegen opp (stipla) (2000)

Frimyra (2000)

På Ystestølen hadde alle 6 bruka flor/støl. I tillegg vart det i 1935 bygd ei felles hytte eigd av Pergarden, Larsgarden og Nigarden.

Vegen opp til stølstreet går frå Flåtafloren opp til venstre. Ein kan også i dag sjå at det er laga veg opp. Den er delvis mura med stein, og med stokkar og torv. Rett bak Flåtafloren er det mura veg over ein liten bekk. Vegen går vidare inn mot enden av Mjølkistehammaren, held til venstre for Frimyra, svingar litt heimatt og over Frimyra der ein til kvar tid trur denne ”ber”. Ein møter då vegen som kjem opp langs hammaren. Vegen som er omtala ovanfor er den dei brukte når feet skulle til støls eller hesten vart brukt. Dette var òg vintervegen.

I oppstigninga frå flåtafloren går det veg vidare opp til høgre. Denne er utgangspunkt for vegane til m.a. Hyvingen via Langamyra, Morkafjellet via Raudhamrane, Verpelstad via Raudhamrane og Fribotnen, Utlahjellsmyra og Skonsvika via Skonsvikeggjane.

Stølstreet på Ystestølen er etter mi meining ein av dei finaste plassane i Bolstadmarka. I allefall i minne om korleis det var før det grodde til med småskog, spesielt på, stølstreet. Far og eg overnatta i hytta her i 1963. Me var på hjortejakt

4 av stølshusa ligg på hammarkanten på sørsida. Denne går langs heile stølstreet, tett oppunder stor gammal furuskog. Til venstre ligg no Frimyra, ei svartmyr. På stølstreet, mot Tverrelva er det meir grasbakkar. Storhaugen vernar mot nordavind og den store grasmyra i vest med sine djupe myrbekkar samlande til Tverrelva skapar i rett vær og lys, ei trollsk stemning på stølen.

Det var ofte fest og moro på Ystestølen.

Dersom du tek deg ein tur hit så tenk deg 100 år attende.

Ein varm julikveld, der fullmånen, heng over Morkafjellet, speglar seg i myrbekkjen, men er meir uroleg i ein sildrande Tverrbekk. Morkaleinane ligg i skugge. Det verkar som om dei ikkje er der. Det er mørkt i gjela under Storhaugen. Snur ein seg, får ein i synet eit lite stykke Finland. Det skin i eit hav av vasspyttar i Frimyra. Stølshusa kastar beksvarte skuggar, og det verkar som om månen er på leit etter noko inne mellom mektige furuer.

Det er tent eit bål i grusen ved Tverrbekken og ein flokk med gutar og jenter dansar etter trekkspelmusikk, opp og ned langs hammarkanten, heilt sikkert ho Petra og han Edvard, men også andre ungdommar, tenestejenter og drenger frå dei ymse gardane. Kan henda dukkar det og opp slåttekarar frå Lialøene og Kleivaløene. Av og til er det lite folk på ”dansegolvet” og av og til mange. Nokon dukkar oppatt med raude kinn.

Det vert beksvart, månen har landa bakom Storhaugen. Trekkspelet stilna og bålet er berre raudt. Det er småsnakking no, litt kviskring, av og til eit kvin og humrande lått. Etterkvart vert det stilt, berre ein sildrande bekk, og ei kyrabjølle gjev lyd. Gutane har stompa seg heim!?

Anvedgarden

Anvedgarden sin flor/støl låg opphavleg omlag 15m heimom Tverrelva. i enden av gjela utom Storhaugen. Den vart øydelagd av ein flaum. Kor tid er uvisst.

Gamal Anvedflor (2009)

Stølen vart bygd oppatt oppe under Storhaugen, på nordsida av stølstreet. I dag er taket rast saman, men elles er floren av dei best bevarte i marka. Grunnen er kan henda at floren vart bygd oppatt, og ligg i eit turt og luftig område. Floren står i framkanten av ein liten haug. Dette gjorde at hjørnemurane framme vart høge, ca. 80 cm., men at det på den måten vart meir ”armslag” for folk og fe ved inngangen. Floren har torvtak og er lafta.(7 stokkar ivegghøgda) Døra vender mot Storhaugen og mønet same vegen. I andre enden er det luft/møkaåpning på 30 x 40 cm.

Utvendige mål: Lengd 4,8 m. Breidd 4,8 m. Høgde veggar: 1,25 m. Høgde møne: 3,2 m.

Døråpning: Høgd: 1,2 m. Breidd 0,9 m.

Anvedfloren (2000)

Anvedfloren (frå nord) (2000)

Nigarden

Lengst heime på hammarkanten som er nemnd før ligg florstølen til Nigarden. Det er lite att av denne floren sjølv om byggjestaden er turr og luftig, berre hjørnesteinane og litt treverk er synleg. Av det ein kan sjå er floren lafta av rundstokk, men at det også er brukt ein del skore/øksa tømmer.

Floren er bygd på hjørnesteinar og står på tvers av Stølstreet. Døra er på sida mot Geitelva (søraust) og mønet peikar same vegen.

Utvendig mål: Lengd 5,2 m. Breidd 4,6 m. Døråpning: Breidd ca 1,0 m. Høgda er ikkje råd å måla.

Nigardsfloren (2009)

Pergarden

Nesten vegg i vegg retning utover ligg floren til Pergarden. Denne er i same stand som Nigarden sin flor, bygd på same måte og står same veg.

Utvendig mål: Lengd 4,8 m. Breidd 4,6 m.

Perfloren (2000)

Perfloren (2009)

Bergagarden

Bergafloren ligg om lag midt mellom Larsfloren og Perfloren. Den er lite synleg, men ein kan sjå konturen av floren kring ei kroket furu. Letta ein på litt torv vil ein finna ein del mur og litt rotne stokkar. Det kan sjå ut som floren er om lag like stor som dei andre. Det er og naturleg at møne og dør er slik som Larsfloren.

Bergafloren (konturar kring furua) (2007)

Larsgarden

Floren til Larsgarden ligg nærast Tverrbekken, der hammarkanten går over til skorvar. Den ligg på venstre sida, tett ved vegen, nede i eit lite søkk. Floren er bygd på høge hjørnesteinar ( målt til 1,0 m. og 0,8 m.) i eine enden, dette for å koma i høgde med vegen i motsett ende. Taket er rast saman, men litt veggar står enno. Døra vender mot vegen og mønet same vegen. I motsett ende er det ein luft/møkaåpning på 30 x 40 cm. Utvendig mål: Lengd 4,7 m. Breidd 4,7 m.

Døropning: Høgd 1,2 m. Breidd 1,0 m.

Larsfloren (2000)

Husa på Ystestølen vart bygd for både folk og fe. Dei vart bygd med plass for budeier på lemmen, eller kan henda rettare, hemsen. Ein kan difor rekna med at det var sett opp stige inne i floren. Eller, kan henda budeiene var så spreke at dei steig opp på florskrakken, vidare opp på ein kyrarygg og svinga seg opp på den måten? På nokre av florane skal det ha vore ”skot” utanfor, til utstyr.

Som på Vetlestølen var det også her god tilgang på skog kring stølen. Difor var florane etter måten store. Derimot var det lite byggjestein i nær omkrins. Difor står florane også her på hjørnesteinar og berre steinheller til tetting innvendig. Der hjørnesteinane er høge kan ein sjå at desse hellene er skikkeleg store, bortimot 1 m2. Kvar flor kunne romma 8-10 kyr.

Ut på sommaren, om lag midt i juli, alt etter beitetilhøva, var det buføring til Bolstadstølen, Fjellstølen. Maria meiner vegen kryssa Tverrbekken litt nedanfor stølane, gjekk vidare mot høgdedraget til venstre og fylgde dette heilt ut under Morkahaugen for så å skrå seg opp i Morkasmettet. Under Morkahaugen får ein eit smette til venstre. Uvisst kvifor, men dette smettet heiter Korpelsmettet. Gjennom dette smettet går ein av dei mest brukte hjortetrakka. Dei som skulle til slåttene under Mork gjekk også mest truleg gjennom dette smettet.

Det går òg ein veg mest nede ved elva, frå Vetlestølen til området ved slåttene under Mork. Dei kan og ha nytta denne vegen til Kleivaløene, på andre sida av elva. Ein annan veg går frå Perfloren, same vegen, men lenger oppe, om lag midt i lia. Desse vegane kan sjølvsagt òg vera gamle sauavegar.

I dag går dei fleste over Tverrbekken nede ved Larsfloren, skrår til venstre opp mot ei lita høgd, inn i ein liten dal og heldt vidare litt til venstre for sjølve dalføret. Gjennom dalføret er det god sti.. Frå dalen og ut til Morkasmettet er det ei blanding av myr og grasbakkar like ut til Morkasmettet. Ser ein rett fram no, så vil ein få auga på ein høg haug, med eit grått berg rett i mot, Morkahaugen. Finn ein ikkje stien, ja så berre gå mot denne. Opp tiHusa på Ystestølen vart bygd for både folk og fe. Dei vart bygd med plass for budeier på lemmen, eller kan henda rettare, hemsen. Ein kan difor rekna med at det var sett opp stige inne i floren. Eller, kan henda budeiene var så spreke at dei steig opp på florskrakken, vidare opp på ein kyrarygg og svinga seg opp på den måten? På nokre av florane skal det ha vore ”skot” utanfor, til utstyr.

l høgre er det èit smette, eller rettare, ein liten trang dal. Dette er Morkasmettet. I venstre kanten av dalen vil ein sjå at det er ein naturleg veg som fører opp smettet. Denne er mest truleg laga av brukarane av vegen til Mork og til Bolstadstølen. Ein held no fram innunder berget. Truleg kryssa ein myra der det flatar ut og vil ein få auga på ein høg haug, med eit grått berg rett i mot, Morkahaugen. Finn ein ikkje stien, ja så berre gå mot denne. I venstre kanten av dalen vil ein sjå at det er ein naturleg veg som fører opp smettet. Denne er mest truleg laga av brukarane av vegen til Mork og til Bolstadstølen. Ein held no fram innunder berget. Truleg kryssa ein myra der det flatar ut og held til høgre, i skogbrynet. Ein er no kome til Mork, og Morkamyra.

Mork

Morkahytto

Morkaløa. Ein kan skimta hytta på Mork oppe i høgre hjørna av biletet. 2003.

I Evangerboka II står det at Mikkel Anderson og kona Angue budde her i 1645. På Mork hadde alle 6 bruka utløer, 1 på Morkamyra, 4 i Skarpeigjela og 1 nede ved elva, Elvaløa. I seinare tid ca.1935 bygde Lars (Flåten) Bolstad seg ei hytte på Mork.

Det var store slåtter på Mork. Dei hadde heile Morkaleinane å ta av, Skarpheigjela og sjølvsagt Morkamyra. Det var framfor alt lett å frakta høyet til gards, gjennom Vetlestølsmarka. Litt ”bal” var det nok likevel ned frå Åsen.

Morkaløa

Løa til Flåten ligg i kanten myra, tvers over og litt utom hytta til Lars. Den er rimeleg stor, har dør i heimste enden og mønet same vegen. Løa er lafta og tømmeret er for ein stor del skore, men ein del er øksa og delar av løa er nok bygd av tidlegare brukt tømmer. Det kan ein sjå av hakk og hol i stokkane. Ein finn inskripsjonar, m.a. MEB 1903 i tømmeret. Det vart truleg høya ein del kring løa, men det beste graset fann ein oppe i hjellane ovanfor. Ved løa ser ein den dag i dag restar av ein løypestreng og ein del løypekrokar. Dette tydar på at ein i seinare tid henta høyet langt oppe i Morkaleinane. Det vart høya på Mork fram til 1947.

Detalj av Morkaløa (2003)

Tek ein no ein avstikkar frå sjølve Mork og Morkaløa så bør ein ta turen ut til dei andre løene. Ein held då høgda frå Morkaløa ut mot Skarpheigjela. Skarpheia er den kvasse ryggen ein ser rett i mot, i sør. Til venstre, ned, er Morkøyane. Det er litt vanskeleg å finna vegen i overgangen frå myra på Mork. Om lag 150 m. frå Morkaløa vil ein støyta på to løer som ligg tett ved einannan dersom ein held om lag 50m. frå elva i Morkøyane. Stien går rett forbi løene. Desse løene er også bra store. Begge har døra vendt heimover og har takutstikk. Mønet peika same vegen.

Heimste (Anvedgarden) 2003

Ytst av dei heimste (Larsgarden) 2003

Går ein vidare inn i Skarpheigjela, passerar eit stort svart skarv, held litt nærare elva og går om lag150 m. til, ja så finn ein ei løe til. Også denne løa har døropninga i heimste enden, takutstikk og mønet same vegen.

Yste løa. Nigarden eller Bergagaren

Det er endå ei løe i gjela, tilhøyrande Nigarden eller Bergagarden, men denne har eg ikkje lukkast å finna. Løene i Skarpheigjela har i allefall ein ting tilfelles. Det var lett å få høyet ned til løene, skikkeleg bratt. Ser ein bort i frå at det i dag er stor skog i området vil ein, dersom ein ser opp mot Ilogena, Skarpheigjela og Morkafjellet, sjå at det var mange stor og fine slåtter ovanfor løene. Det er namn på mange av desse slåttene, men i dag er det ingen som kan fortelja kor namna høyrde til.

I dag er dette området mest kjend som fine daglège for hjorten. Det er mykje stor blom øvst i området, perfekt for hjorten, og for jegeren. Det er skote mykje hjort her, men mange har òg lurt oss og fare ned i Morkøyane eller over i Bergsdalen.

Attende til dei heimste løene: Me tek no vegen vidare, mot Laupesbrua. Det er uvisst kor den opphavlege vegen gjekk, men det går ein sti ned mot Morkøybekken litt utom løene, nokså naturleg også dette då det er tvilsamt om dei gjekk rett gjennom Morkøyane. Stien finn ein att på andre sida, litt lenger nede. Det er lurt å halda litt høgde for å finna denne.

Nede i Morkøyane ser ein kvifor namnet. Elva har laga mange elvefar og øyar alt etter som vatn og is har fått regjert i lausmassane i området.

Ein kan, dersom ein vil, fylgja elvefaret og koma ned til Geitelva og Elvaløa som ligg tett ved elva, på Freisføtsida.

Elvaløa, Pergarden. (2003)

Elvaløa, (2003)

Vel over Morkøyane går vegen i skråninga oppunder Skarpheia og det er no fin og lett veg vidare. Ein får ei bra moltemyr, Skarpheimyra, og Skarpheihaugen til venstre. Det er og nemnd Skarpheigaren. Dette er vidareføring av garen som går ned mot elva på Brislingabotnsida. Garen endar truleg ein passande stad oppe i Skarpheia.

Om litt passerar ein Bjørkebotnen, opp til høgre. Ein høyrer no, og ser Geitelva stupa ned i eit uframkommeleg terreng. Det er ikkje særleg lurt å utforska dette området utan at elva er på det minste og det er turt vær, men då kan det verkeleg vera eit spanande område. Elva flatar ut ned mot Elvaløo.

Frå vegen vil ein etterkvart sjå Laupesbrua, og ca. 50 m. til venstre frå denne står den gamle Kravftverkthytta som vart bygd i samband med bygginga av kraftlinja frå Bolstad til Fosse. Hytta er i dag Leidulf Bolstad si eige.

Gamal kraftverkhytte (2009)

Laupesbrua (2009)

Laupesbrua sett ovanfrå (2009)

Ved Laupesbrua er det eit vegdele.

Skal ein gå til stølen i vegen ein brukte før det vart bru som var gåande for fe, eller til Fosse, Øye og Lid i Bergsdalen, går ein ikkje over brua, men tek til høgre opp, kryssar eit lite bekkefar og skrår mot elva att. Frå bekkafaret til Vae i Grytøane er vegen heilt vekke. I alle fall finn eg ikkje noko som sikkert kan vera veg. Ein må ta seg opp ei li, og ser då elva og kjem til Vae. Det er flatt her og fleire gode vad. Etter at Laupesbrua kom var det lite ferdsel denne vegen.

Mot Furustallane

Vadet i Grytøyane (2009)

Ein vil sjå att elva har endra ”løp” truleg fleire gonger. Ein eller annan stad her var vadet dei nytta på vegen til Bolstadstølen. Ein kryssar fleire elveleier og kjem snart til ein god sti som fører opp, forbi fleire flotte fossar, vidare om lag langs elva og inn under Fagerbrekkene.

Vegen til Fosse forlet elva ved vadet og kryssar litt att og fram opp til Furustadlane. Herifrå held vegen fram om lag langs kanten ein ser opp mot vest. Går ein langs elva frå Laupesbrua vil ein sjå flotte fossefall.

Det går/gjekk ein veg langs traseen der kraftlinja gjekk òg. Denne gjekk frå der ein kryssa bekkefaret, også mot vest, nede i dalen. Oppe i enden av dalen kjem ein inn på stien frå Furustadlane. Herifrå er det god veg like til Øye. På vegen passerar ein Gufsakrosskaret, Rulkane og Brattefonnskaret. Vegen over til Lid gjekk opp ved Brattefonnskaret.

Kraftlinja vart riven i 1997-98. VOE har gjort eit framifrå godt arbeid med omsyn til rivinga. Ein skal nøyaktig veta kor mastene stod for å finna ”visste” etter dei. Me har passert 1 m. frå ei mast på vegen til Laupesbrua men har ikkje sett restar etter den.

Laupesbrua vart bygd, slik den er i dag, på 1960 talet. svillar og skiner vart frakta med helikopter ut til staden. Kan hende dette var fyrste gongen det var eit helikopter i Bolstadmarka. Bygginga av ny bru var sannsynlegvis eit samarbeid mellom grunneigarar og BKK, som på denne tida eigde lina. Ingard fortel at det var ei smal bru her, tidlegare. Ho kunne vera 60-80cm brei, utan rekkverk. Mange var redde, og ”kraup” over. Kryssar me brua vil me ha mange vegval. Me kan gå heimatt via Kraftverkshytta og stølsvegen, me kan ta oss opp myrdraget rett fram og koma opp i Brislingabotnen og stølsvegen, eller me kan ta turen langs elva og koma inn på stølsvegen i øvre enden av Brislingabotnen og inn under Fagerbrekkene.

Området kring Brislingabotnen og Grytøyane er meir omtala i skrivet om Gamlevegen.