Jakt som attåtnæring

Fortalt av Nils E. Bolstad.

Jakt før i tida var ei god attåtnæring for ein del av bøndene og andre med. Det var mykje snarefangst av storfugl, hare og rype. Gevær hadde ikkje alle og skota var dyre so det var helst fugl som sat det vart skote på. I 30-åra var det mykje arebidsløyse og det var store familiar, so ungdomar dreiv ofte med snarefangst for å tena litt. Onkel Anders fortalde om jakt og snarefangst og om namn i skog og fjell, sidan har dette bite seg fast hjå meg. Onkel Arthur var eg og mykje med i fjellet, og eg lærde snart korleis eg skulde handtera eit skytevåpen.

Eg hugsar godt dei store 50 kg. sekkene som kom or Øvstedalen fulle med ryper og skulde til handelsmannen på Øyri. Eg var vel då i 10-12-års alderen, so eg var ikkje gamle karen før interessa for jakt melde seg.

Ein av bøndene på Bolstad, Anders A. Bolstad, var ein stor jeger på rev. Han tok mykje over 100 raudrev, det var helst i revesaks, og reveomnar.

Under krigen var det ulovleg å jakta. Alle geværa skulde innleverast, men det var somme som hadde gøymt dei vekk for tyskarane. Eg lånte eit gevær og var på snarefangst og det kom vel med. Hugsar eg fekk 35 kr. for ein tiur. Den fyrste hjorten såg han Lars Flåten i Vetlestølsmarka, eg hugsar ikkje årstalet, men det var mange år før det vart lov å jakta på dei. Jakta på hjort byrja fyrst i 50 åra, truleg 1957, og til denne tid, i 1987, er det skote 76 dyr.

Det var ofte bøndene hadde gevær med seg i marka om vinteren når dei var på vedhogst. I 1909 hende det ei syrgjeleg ulukke. Ei av grannane kom heim med vedlass. Den tid køyrde dei heim heil bjørk med riset på, for dei nytta riset i eldhuset. Geværet hadde han lagt inn i lasset. Han hadde løyst tilna frå hesten, tok so tak i geværet og trekte det til seg, med det resultat at skotet gjekk av og som han fekk i magen. Han døydde kort tid etter.