Bolstadstølen

av Norvall Bolstad

I matrikkelen 1723 står det ma. at stølen ligg 1 mil frå garden (Bolstadboka), men truleg har det vore aktivitet her lenge før den tid. Skal ein finna ut meir må det nok arkeologar og botanikarar til. Stølen ligg om lag 1 mil frå Bolstad. Gangtid 2,5-3 timar.

Vegen gjekk, i grove trekk, frå Bolstad, mot Freisføte, forbi Rostingsmyra, under Kleiva (forbi Kleivaløene) opp Rjomekleiva, inn i Kjelsholo, forbi Elvaløa, opp gjennom Brislingabotnen, inn under Fagerbrekkene og ut Harevegen. Ferdslevegen til Berge i Bergsdalen gjekk forbi Bolstadstølen.

Eg har ikkje funne kor tid (årstal) stølsdrifta tok til, men tek ein utgangspunkt i konflikta med Rasdalen, om støls- og beiterett som vart avslutta i 1812 så var det i alle fall tidleg viktig å verna om stølsrettane. Det var ikkje stølsdrift etter 2. verdskrig, men stølen var utleigt til geitehald nokre år 1945-1948.

Som ein liten sak for seg kan det nemnast at oppe i Novi, ein knaus mellom Ysta Steinafjellet og Flatafjellet ligg det som kan henda er ein del av årsaka til striden mellom Rasdalen og Bolstad. Her, om lag i grensa til Rasdalen, midt i knausen, godt gøymt, men med flott utsikt, og eit lite vatn like ved, ligg det ruinar av eitt, kan henda to stølshus. På det største står murane enno. Det er mura ei kortside og ei langside inn mot ein tilnærme rettvinkla hammar. Få veit om desse murane. Dei ligg slik til at ein må gå rett på dei for å finna dei. Ein fantastisk stad!

Det ligg óg nokre murar nærare Rasdalen. Det står ein del om stølsdrifta i Rasdalen i Bolstadboka.

Murar i Novi

Det er spor etter 13 bygningar på og ikring stølsbøen. 6 av dei ligg på Anvedtreet, medrekna Anvedselet, Kan henda det var her støldrifta tok til. Her var det flatt, godt beite og god livd. Og ikkje minst var det mykje ”murstein” i ura og hammaren bak. Og stein trong ein til inngjering, fehus og stølshus. Steingarden kring stølstreet er godt synleg også i dag, tross litt defektar. Den endar oppe i Lambhushammaren i begge endar av stølstreet. Lambhuset var eit eige hus der ein m.a. jaga inn lamma medan ein mjølka sauene.

Frå byrjinga var det òg steingard på vestsida av elva. På kartet er den markert nede på det lågaste platået mot elva. Ein ser konturane også i dag. På det øvste platået, mot sela, er det òg ein steingard. Denne er synleg og går frå enden av Nigardshaugen og endar borte ved Perselet. Det er òg merker etter ein steingard på bøen vest for Per- og Flåtaselet.

Til murar og gardar på vestsida vart det brote stein under Nigardshaugen og i svaena ovanfor Svapudlen (Svahølen). Kan henda Svapudlen vart til i denne tida. Det ligg enno ein del store, flotte heller i og ovanfor denne.

På Bolstad var det frå farne tider berre 1 bruk, etter kvart 3 bruk og i dag 6 heile bruk som har stølshus på Bolstadstølen. (Evangerboka band 2) I dag er det 3 stølshus som står og som er godt buande i.

Bergaselet og Anvedselet ligg på austsida av elva. Larsselet, Nigardselet, Flåtaselet og Perselet ligg på vestsida.

Bergaselet

Bergaselet ligg fint til oppe på Bergahaugen lengst heime og litt opp frå sjølve stølsbøen. ( På kartet viser det at haugen ligg på 600moh) Dette selet var til nedfalls alt i 30 åra. Far kan hugsa at selet sto, men ikkje at det var stølsdrift der. Det kan sjå ut som om ein hadde tenkt på å byggja oppatt selet. Restar av stokkar og andre materialar ligg i la kring murane. Grunnen til det kan sjølvsagt òg vera at ein reiv restane av stølshuset for at ikkje sauer og andre dyr skulle skada seg.

Ovanfor selet, mot Steinafjellet, er det murt opp noko som kan minna om ein”bejegard” som truleg skulle beja dyr ned mot stølen eller hindra dyr frå å fara frå stølen.

Anvedselet

Anvedselet ligg ved elva, rett under Larshaugen og Lambhushammaren.

Anvedselet vart i nyare tid godt vedlikehalde av Anved Bolstad. M.a. pussa han opp selet kring 1975. Det vart panelt innvendig og sett inn ny omn. Tidleg på 80-telet sette han opp ny kledning, la plast og ny torv på taket. I 1999 tok sonen Lars Atle av never og torv for så å leggja ståltak på selet.

Larselet

Larselet låg frå byrjinga bakom Larshaugen. Ein finn den ved å gå opp vegen mot Småkleivane. Når ein kjem opp den fyrste bakken, og ser til venstre ser ein ein liten dal. Gå mot denne og ein vil heilt i byrjinga i dalen sjå murane rett til venstre. Difor har truleg haugen innom selet fått namnet Larshaugen. Om selet vart flytta eller om det vart bygd nytt nede på bøen er uvisst.

Det nye Larselet ligg på vestsida av stølselva, lengst mot Bergsdalen. Like ved selet, mot Bergskaret er det reist ein del steinar som eit lite stengsel. Det er uvisst kva dette vart brukt til. Kan henda var det ei inngjering for å halda fe i ro under mjølkinga

Selet vart teke av eit snøras i 1928. Truleg har stølselva demd seg opp inne i gjela nedom og utom Haukleiva og med det laga ein flaum av snø og vatn då oppdemminga losna. Det ligg enno ein del restar nedanfor murane, langs elva. Om Larsgarden dreiv stølsdrift etter den tid er uvisst. Det er rimeleg å tru at dei ”leigde” seg inn hjå andre.

Nigardselet

Nigarden hadde frå byrjinga sel på sørsida av Nigardshaugen, retning Bergsdalen. Ein finn murane inne i eit område med stor brake. Det seiest at det var værhardt her, og difor bygde dei nytt.

Nidardsel 2009

Det nye selet vart bygd oppatt av ei gamal stove, frakta frå Rasdalen. I ettertid kan ein sei at det ikkje var noko ”triks” å plassera det nye selet, på nordsida, under Nigardshaugen. Her var, og er det snøtungt, mest som ein skavl, og denne øvde eit stort trykk på selet. Selet raste saman om lag midt på 1980 talet. Slik eg hugsar var dette det finaste selet på stølen, i allefall innvendig.

Gamalt Nigardsel

Perselet

Perselet ligg nærast Pikhaugen og var i ferd med å verta til nedfalls på 1950 talet. Det vart lagt ståltak og nytt golv i selet på rundt av 1960. Materialane vart frakta med hest opp i Fagerbrekkskaret og sidan frakta med handmakt til stølen. Ny kledning og nytt vindauge kom på slutten av 1980 talet.

I 2006 vert selet restaurert. M.a vart skada tømmer skifta ut, det vart heva ein stokk, isolert i tak, nytt ståltak, ny kledning og ny dør, omn og pipe. Arbeidet vart utført av erfarne laftarar, m.a. Arvid Herfindal og bror hans. Eigar Per Aage Bolstad hadde kommandoen. Resultatet er kjempeflott og selet er klart til å husa nye generasjonar friluftsinteresserte.

Flåtaselet

Flåtaselet ligg ”vegg i vegg” med Perselet.

På dette vart det lagt ståltak ”byljeblekk”, truleg på 1950 talet. Kring 2000 vart selet restaurert. M.a. vart det lagt nytt ståltak, isolert i tak, ny kledning og nye vindauge. Kjetil har gjort ein kjempejobb, og bestefar Lars ville nok ha sett stor pris på arbeidet.

Sankebu

I 1989 sette Nils E. Bolstad opp sankebu på Bolstadstølen.

Lars ”Flåten” Bolstad, dottera Maria Horvei, Anved L.Bolstad og Nils E. Bolstad var mellom dei siste som fekk oppleva den ”gamle” tida. Dei hugsa godt all aktiviteten på Bolstadstølen medan det var stølsdrift. Dei har bringa vidare mykje av det dei hugsa frå tungvint gardsdrift, stølsdrift, høying i utmarka, jakt og fangst. Etter at stølsdrifta vart avvikla og nær opp til i dag var desse storbrukarar av stølen. Dei brukte stølen m.a. som utgangspunkt for jakt og snarefangst, fiske, sauesanking og turar, men det hende ofte at dei berre var der òg. I dag må me vera desse karane takksame for at dei viste interesse for stølen og at dei såg verdien av å halda sela vedlike. Eg er redd for at me hadde hatt 6 ruinar på Bolstadstølen i dag, om det ikkje var for desse sin innsats.

Far fortel at Lars ofte gav beskjed om at, no fer eg på stølen. Far kunne ikkje stå imot. Han fòr ofte etter. Sommartid, og seinare, i sauesanking og jakttid var det fleire som ofte vart med far og mor på stølen. Det var sumarferien vår. Det var m.a. ein god følelse å koma til Stølsleitet, og sjå at det rauk frå pipa på Flåtaselet. Lars sat på trappa og tok imot. Lars var ein godsleg kar. Han var flink å fortelja. Lars var ikkje den som var ivrigast jeger, men han hadde ei flott hagle, nemleg ei automathagle, mest truleg den fyrste automathagla som vart brukt i området. Lars var på den tida eldst av karane som sysla med ma. sauer, turar, jakt og fiske kring Bolstadstølen. Andre var ma. Edvard, Steinhauggutane Anders og Håkon Bolstad, Eivind Hjørnevik, Georg Stabekk og sønene, onkel Ingard og sjølvsagt far. Maria Horvei fortel òg mykje om aktiviteten på stølen.

Håkon Bolstad var òg ein ivrig revejeger. Han sette feller og hadde røykomnar til langt opp i 1970åra. Far fekk overta mange av fellene då Håkon mista livet, ute i marka. Far dreiv fangst på rev og mår til om lag 1990. I dag set Bjarne Bolstad ma. mårfeller.

Også i dag vert det drive litt fangst i marka, m.a. etter mår, rype og fisk, men det er ikkje same fangstane i dag. Ein kar fortel at han hadde skote 10 ryper, ”nett oppunde Haokleivæ”, før frukost, før gamlekarane kom seg or senga. I dag er også hjortejakta ein del av aktiviteten. Det er synd at ikkje hjorten kom hundre år tidlegare. Då hadde det kan henda vore nokre ryper att til oss!!??

I ungdommen min var det mykje ungdom på stølen, ikkje minst i påsken. Me lånte m.a. Nigardselet og måtte ofte grava oss snøtunell for å koma inn i selet, men samlingstaden var Anvedselet. Det var der jentene var! Også på Fagerbrekkene, i hytta til Håkon og Alfred, budde det jenter. Desse måtte sjølvsagt fylgjast heim! Ofte var me i Anvedselet til langt på natt…, og gjekk og la oss i m.a. Nigardselet og Perselet. Det var iskaldt.

Me hadde mange aktivitetar. M.a lagde me utforløyper opp mot Gråsiknolten. I sola var dette flotte løyper, men når sola gjekk ned, og det vart kaldt, vart løypene livsfarlege, Knallharde! Det hende at sjølv dei tøffaste fekk ein del skrubbsår. Det var òg kjekt å smørja skia til jentene,… ei med sylvvoks og ei med klister! Det hende og at ei og anna trang strekkbukse rivna i utsette saumar. Ein gong lånte me voksduken i Perselet og skreidde frå langt oppe i Såto, langs ryggen. Det gjekk bra med oss, men det var ikkje mykje ”voks” att på duken.

Om sommaren gjekk det mest i bading og fisking, men òg hesteriding. Rasdalshestane var tamme og det vart mange rideturar, for dei som vågde.

Etter kvart har born og barneborn fått stor tilhøyring til Stølen. Mest sommarturar der det meste av aktiviteten går føre seg i og ved elva.

Stjernehimmelen er òg noko ein minnest. Her ser ein til og med ”skodda” i mjølkevegen ein beksvart kveld. Og so søv ein godt av elvesusen!

Ein del born, og vaksne, tek også av og til ein vintertur til stølen.

Turen opp Rasdalsleinane er ofte tung, Fagerbrekkene ned, er bratte, og fulle av trær. Det vert ein del holer ekstra, …og ofte kjem ein tung sekk framover hovudet. Harevegen går greitt, også på vinterføre.

Det hender me tek turen frå Lid i Bergsdalen. Etter litt slit opp til Gufsakrossen vert det som lønn for strevet å kunna stå i ”håkki” like ned til Kvitesteinen. Herifrå kan ein skreia slalom ned til stølen.

Tek ein vinterturen frå Berge (Med omsyn til rasfare bør ein ikkje gå gjennom skaret vinterstid) i Bergsdalen, kan ein på godt føre, og frosen elv, skreia langs elva, frå Bergskaret heilt til stølen mest utan å ta eit stavtak.

Dei gamle hevda at ein på godt føre nytta 10 stavtak frå Bergskaret til Bolstad….. Eg har aldri funne den vegen, eller har eg hatt dårleg gli?

Bolstadstølen er ein god og fin stad å berre vera. Auga finn liksom kvild kor ein ser. Stølselva, steingardar, sel, irrgrønt gras på bøen og …. på ein mørk still kveld, eit fantastisk ekko frå Lambhushammaren.

Steinafjellet i aust ruvar mest, men er på ein måte trygt, som ei ryggdekning. Ein ser små hamrar og steinrøyser i heimste og ysta. Lengre nede vert det kledd med skog, mykje skog, og eit utal av hamralag. Ein kan undra seg på om det går an for folk å gå der. Sauene likar seg der. Det er tidleg grønt. Der er ein labyrint av sauevegar, hamrar, hjellar, gjeler og bekkafar, men du kjem (nesten) alltid fram.

Bjørnahjellen går om lag midt i lia under Steinafjellet og Raudhamrane. Ein finn byrjinga av stien litt oppom Bergaselet, eller bakom Larshaugen ( litt lengre veg). Stien er grei å finna, litt opp og ned, og den enda heime i Fagerbrekkskaret. Ein spanande tur for den med børse! Ein god orraplass.

Mot sør ser ein langt.

Det verkar uendeleg langt til Gråkjølen og Bergskaret.

På Anvedtreet byrjar vegen opp Småkleivane. Namnet er beskrivande, men kunne like godt heita Sjokoladekleivane. Sjå for deg ein tur opp der med små born, haug på haug, haug på haug, 6-7-8 i talet, og ein ser berre ein om gongen. Det hadde nok gje på sjokoladen. Vel oppe er Gråkjølen brått kome veldig nær, eller for den del Gråvatnet, eller mot aust…, då vert valet av fine turar stort.

Mot Bergskaret går den gamle ferdslevegen slakt oppover på høgre (vestida) av stølselva, forbi Hundahølen, ein kan symja der, minst tre symjetak, vidare opp Haukleiva. Øvst i denne er det ”trapper”.

Ein krysser elva innom Haukleiva, eit naturleg vad, opp i Heimste Skjerikahaugen. Ein finn vegen vidare i skråninga litt til høgre for haugen. Vel oppe kryssar ein elva nok ein gong, også eit vad. Vidare går stien litt på eine og litt på andre sida av elva, godt synleg. Etter at ein har runda Yste Skjerikahaugen, mest oppe i Bergskaret, bør ein ta ein tur bratt opp til høgre. Ein kjem då opp til Tjødnane under Ysta Grønnlandsbråtet.

Yste Skjerikahaugen

Ein liten pause her må ein kosta på seg. Det er flott her, og varmt badevatn.

Frå Tjødnane skrår ein mot Bergskaret att. Ein kan og ”lauga” seg i fossen frå Gråvatnet før ein går ned til Berge i Bergsdalen. Ikkje fullt så varmt vatn! Den gamle vegen gjekk ikkje nede i skaret, men om lag beint fram, frå vassdele. Ein ser tydeleg vegen. omlag rett mot Bergsvatnet. Sommarstid bør ein gå nede i skaret då gamlevegen berre går på torv om lag ein meter frå dei stupbratte sleskarva ned mot skaret.

Tjødnane i Ysta Grønnlandsbråtet

Frå Bergahaugen får ein god utsyn. Diverre svinn Anvedselet bakom Lambhushammaren, men me veit det er der.

Såteryggen er lang og endar liksom aldri, men det gjer han. På toppen står ein ”mann” og passar på oss. Han ser vidt den karen, alle fjell i kring, og dalar. Mest heile Bergsdalen og fjella mot Hardanger, Dystingen og mest like ned i fjordane kring Osterøy. Mot nord ser han veldig godt Tyssebrunane, Øvstedalsfjella, mot Stamnes og Romarheim. Mot aust kan han festa auga på m.a. Lønahorgi og Mykkeltveitveten.

Nærare oss ser me Nigardshaugen, Svaphølen, blanke skorvar, heile Stølsleinene, seigt opp mot Gufsakrossen. Litt mot vest stikk Gråsiknolten opp. No er det slake vegen ned langs kanten over Gråsihjellen ned til Kvitesteinen, eit lite landemerke, heilt kvit.

Kvitesteinen, og del av Bolstadmarka

Skal ein sjå etter noko eller nokon i Bolstadmarka, så er dette staden. Kor lenge steinen har vore der er uvisst, men eitt er sikkert! Den har sett mykje aktivitet. Alt frå stølsdrift, til jakt, bærplukkarar og sauer…. og hjort. Bygging av kraftliner, eller for den del, riving av gamle kraftliner.

Det vert seint, men no er det fort gjort å springa ned på stølen, midt mellom Snjoholo (det hender det ligg snø her også på denne tida) og Pikhaugen. Frå Pikhaugen har det vore lokka på krøter, og sett etter friarar.. så lenge det har vore stølsdrift. Det er Jonsok. Sola er berre halv no, men skin enno på Bergahaugen.

Klokka er 22.50 sumartid.