Den gamle vegen til Bolstadstølen

Vegen til Bolstadstølen er svært gamal. Den har mellom anna vore nytta som ferdsleveg med omsyn til stølsdrift, ferdsleveg til Bergsdalen, jakt, fangst og fiske. I dag er vegen mest brukt som turveg og til stølsvitjing. Det er vanskeleg å finna den opphavlege vegen alle stadar. Naturen sjølv, folk og fe, og utvikling elles har gjort sitt til at vegen har endra trasè fleire stadar. Hadde ein til dømes hest med seg, ja då ville ein ta omsyn til den, med omsyn til vegval. Hesten treivst best på fast underlag likte ikkje glatte skarv, men heller ikkje i blaute myrar. Gjekk ein aleine, og/eller berre med ryggjabøre valde ein kan hende akkurat skorver og mest mogeleg bein veg.

Støldrifta vart avvikla, mindre ferdsle av storfe, mindre bruk av hest, men auka sauehald gjorde sitt til endringar av vegar. Me fekk no det me kallar sauavegar. Sauaraukarane fylgde etter sauene sine i deira val av vegar, år etter år. Etterkvart vart også desse vegane brukte av, ikkje berre sauer, men av bærplukkarar, jegerar og elles folk på tur. Vindfalne trær og utrasa stein har òg bidrege til endringar i vegval.

Rundt 1925 vart det bygd høgspentline mellom Bolstad og Fosse i Bergsdalen. Dette førte til stor trafikk i Bolstadmarka. Mykje folk og mykje bruk av hestetransport gjorde sitt til at stølsvegen vart ”opprusta”, men det vart med dette òg nye vegar i marka. Desse gjekk mest mogeleg langs trasèen for lina.

Etter siste verdskrig vart det planta gran fleire stadar i marka. Desse gjorde det etterkvart uråd å ta seg fram langs delar av dei gamle vegane.

Frå 1970 og fram til i dag har det kome mange skogsvegar i heimste delen av Bolstadmarka. Dette er sjølvsagt positivt for utnytting av den resursen som tømmer og ved er, men for stakkars Gamlevegen vart dette katastrofe. No går me tur i skogsvegen, no går me til og frå jakt, fiske og bærplukking i skogsvegen.Ja, til og med sauen brukar skogsvegane.

Før 1891 låg som kjent bruka samla, som klyngjetun, på Bolstad. Gardane hadde m.a. utkome av åkerlappane på Tangen, flatane ned mot fjorden, oppe mot Flåten, bortom elva og ein del på Strandi. I tillegg livnærte dei seg med stølsdrift, skogsdrift, jakt og fiske. Eit handlaga kart frå 1889 viser mellom anna busetnaden på garden, ei samling av 13 bygningar og eit uttal av åkerlappar ned mot fjorden.

Tidleg var bøgarden oppe på Vetlefloten, dvs langs kanten av Sandvegen, (Usikker på kor tid Sandvegen vart laga og teken i bruk.) vidare innover, litt inne, oppe på Perbrekkene, Vetleflåten, inn i neste delen av Harkabrekkena ned i Grindateigen og ned mot elva.

Seinare vart bøgarden flytta opp på Storeflåten. Det vart bygd florar både på Vetlefloten og Storefloten. Vegen til Vetlefloten gjekk opp Perbrekkene, og etter kvart vidare opp på Storefloten. Bak eldhuset på flåten var det eit lehald (grind) dei kalla Storeflotlehalde som syner at vegen til Storefloten gjekk her. Dette var før det kom våningshus på Flåten. Vegen opp Perbrekkene var der heilt til ny jernbanetunell og E16 «raserte» heile området ovanfor jernbanen.

Etter kvart vart og bøgarden flytta opp der den er i dag, med grind ovanfor Legena, kalla Nygarden.

Eg hugsa me deltok i slåtten i Perbrekkene, og sloa høyet ned. Det hende me lurde oss opp på lasset òg.

Det var ei tid løypestreng frå Vetleflåten og rett inn i løa til Pergarden. Denne vart truleg teke vekk i samband med at jernbanen kom.

Etter utskiftinga i 1991 vart det flytta/bygd hus m.a. på Stranda, bortom elva, Bergagarden og på Flåten. Dei fleste bygningane kom på plass i tidsrommet 1892-1894.

Det vart laga ny veg opp på flåten, forbi ”gamle” Anvedgarden (Oppegarden), opp på Gaushaugen, langs kanten av Bergabrekkena, opp mot Lehaldet, bøgarden på Flåten. Vegen fekk namnet Sandvegen av di vegen vart lagt i eit sandrikt område. Det var nok etter måten lett å laga veg her.

Jakob Nødtveit bygde hus her. Plassen fekk namnet Fossen. Huset vart rive i samband med bygging av E16.

Anvedgarden, på Strandè, sin veg ut i marka, og til stølane, gjekk langs den vegen som var brukt i lang tid. Den gjekk til slåttene oppe på, og under Driva og til Insteteigen. Den vart truleg opprusta i samband med bygging av jernbanen og aktiviteten i Grustaket. Vegen gjekk over stykket Drivheim, inn i Leiregrope, over Leiretreet, opp Kjeldebrekko og over Botolvshaugen. Gjennom Dakota (Namnet Dakota veit eg lite om, men det seiest at det var ein mann som reiste til Dakota i USA, kom attende og busette seg her) og Grindateigen, ei slåtte nedanfor grinda.(vekke no). Det vert fortalt at mannfolka lurte seg vekk her, for å spela poker. Vidare gjekk vegen opp på Kleiva, (Akerlikleiva) bort i Løype ovanfor Akeriløa (vekke dette òg idag) og opp bakkane til Klypeshammaren. Vidare opp Klype og opp Øvste Storeflothjellen. Klype var òg eit løype. Det vart òg laga (uvisst kor tid) skikkeleg veg frå Akerlikleiva og opp på flåten. Dette vart ein staseleg veg, og var truleg ein del av gamle Rasdalsvegen. Ein kunne nytta hest og vogn her. Pergarden nytta den til transport av møk og fòr (høy) fram til om lag 1970. Olav Aldal fekk byggja hus her, og fekk då nytta vegen. Også denne vegen for i E16.

Vegen til støls gjekk vidare opp på Porsmyrane og møtte vegen frå Bolstadgardane oppe på Kjipe-jens-flåten. Vegen frå Klype til Kjipe-Jens-flåten har vore lite brukt dei seinare år og er vanskeleg å finna. Det hende dei gjekk om Flåten og opp i Neste Storeflåthjellen, men her var litt vanskeleg å gå, (denne byrjar rett bak fjøset) eller seinare opp Hedlekloppe.

Nedste Storeflåthjellen

Nedste Storeflåthjellen

Pilefossen

Pilefossen

Namnet Porsmyrane vart/er nytta om området mellom Lambhushaugen og Kjipejensflåten, men sjølve Porsmyra er ei stor myr som ligg like ovanfor Nedste Storeflothjellen. Pors er ein krydder/ urteplante med bær som smakar sterkt og vart m.a nytta som ei urt i mat, men og som tilsetjing i sterkt brennevin. Bæra ser ut som små konglar i eit tidleg stadium. Som moge liknar det ein veldig liten, svart drueklase. Tygg ein eit slikt har ein smaken i munnen i mange timar. Det har minka mykje av plantane dei seinare åra.

Etter kvart vart vegen frå saga på Flåten og opp til Nygarden bygd. Området langs vegen vert kalla Hedlekloppè. Litt oppe i vegen ligg to lange heller, som bru, over groa, derav namnet.

Demninga

Restar av saga

Gamla Hedlekloppa.

" Fjølna" Steinbrua (Nya Hedlekloppa)

Nya brua

Nygardsgrinda

Legena. (Ned til venstre, Løype).

Brua vart nytta for m.a. å koma seg til Vetlestølen via Løype og Åsen, men òg for å koma seg opp til demninga som samla vatnet til saga, eller vidare opp på Legena. Lenger oppe finn ein Steinbrue. To svære steinar er lagt som bru. Brua vart mest truleg laga, og vegen bygd vidare i samband med at bøgarden vart flytta opp der den er i dag. I samband med utskifting, og vidare utvikling vart det fleire byggjetrinn på vegen. Det vart bygd endå ei bru, Nyabrue. Hedlekloppe vart etter kvart ein god veg (mest som ein kjerreveg) like opp mot Steinura. Med denne vegen fekk ein løyst ut mykje tømmer og ved, Det vart lettare å få dette til gards og til sag.

Far hogde tømmer til nytt hus i området og frakta det denne vegen med hest og stutting. Mange nyttar denne vegen no, for å koma ut i marka.

Åkerlandet heime vart som nemnd før, prioritert til dyrking av m.a. grønsaker, korn og poteter. Husdyrhald og hest var òg livsviktig. Difor måtte ein finna høy andre stadar, og gardane måtte ut i marka å finna slåtter. Dei for ikkje vidt i byrjinga.Dei bygde høyløer oppe i Åsen, i Botnen, i Harkabrekkene, inne på Strandi og oppe på Driva.( Ein går opp til dei inne på Vassenden.) I tillegg vart høykabbar nytta. Seinare leitte dei opp slåtter og bygde løer langt av garde. Desse er nemnde langs andre vegar.

Den vegen som me i dag reknar som den gamle (Truleg er den eldste vegen den som er nemnd i forteljinga om Vetlestølsmarka) stølsvegen til Bolstadstølen gjekk opp Perbrekkene, som nemnd før, vidare mellom smia og Bergahaugen. Det er påvist å vera gamle gravhaugar på Bergahaugen. Vegen held fram, over flaten og inn mot den gamle saga til Flåtagarden. Vidare opp Hedlekloppe og over Nyebrua og gjennom den nyaste bøgarden, Nygarden. Her er det grind, Nygrinda.

Like ovanfor grinda, til høgre går vegen (ny denne òg) som fører til Åsen og Vetlestølsmarka. Med god veg opp Hedlekloppa vart det og lettare å ta seg ut i Vetlestølsmarka denne vegen. Delar av vegen har same trasè som den nye skogsvegen til Vetlestølen.

Frå Nygarden til Pilefossen er det i dag ny skogsveg, men den gamle vegen gjekk omlag i same trasè.

Etter å ha passert Pilefossen kjem ein no til eit vegstykke som ikkje har vore brukt dei siste 40 – 50 åra. Steinura heiter vegstykket opp mot Kjipe-Jens Flåten og har vore dekt av tett granskog fram til om lag 2000, då det vart snauhogge i området. Det er planta ny gran!!

No er vegen, eller rettare, området der vegen går kome til syne. Sjølve vegen er tilgrodd og til dels øydelagd av skogsmaskiner. Ein er ikkje langt frå vegen dersom ein går om lag midt i ”dalen” og kjem opp til ein stor flate, Kjipe-Jens Flåten. Her budde Kjipe-Jens som lagde kjiper. Kven han var kan vera ei oppgåve.

Ta no til høgre, inn i det som er att av stor granskog. Vegen held fram inne i denne, ikkje heile vegen like tydeleg, men ein er om lag i vegen dersom ein til venstre ser ein bekk, Fossagroa, eller rettare, bekken som kjem ned frå Totnaskaret til venstre. Om litt kjem ein opp i den nye skogsvegen om lag 10 m til høgre for ein skarp sving i denne. Tek ein seg bort i svingen vil ein like ovanfor denne sjå restane av Totnaskarsløa.

Tortnaskarsløa

Løa høyrer til Pergarden og er om lag 3m lang og 2,5m brei. Mønet peika mot bekken og døropninga var i denne enden. Av restane er det vanskeleg å sjå om løa er bygd av skore eller øksa tømmer.

Der ein kom opp i skogsvegen vil ein no tvers over vegen sjå ein mindre granskog. Inne i denne gjekk stølsvegen. Det er veldig bratt opp, derav namnet Brattabrekko. Vel oppe skrår ein litt til høgre i myrdraget. Sjølv om vegen ikkje er godt synleg er det rimeleg å tru at vegen gjekk opp på høgre sida av myrdraget. Etter kvart kjem ein inn på ein godt synleg sti. Denne stien fører også heimatt, meir rett ned, over skorver og var kan henda ein snarveg som linebyggjarar, brukte langs linetraseen. Til venstre der Brattabrekko startar ser ein ein helder, Kolahelderen. Det er ofte eit skilje her, mellom snø og barmark. Det seiest at ski ofte ”oversomra” her. Det er òg funne delar av fangstfeller her. Helderen er den største, men helderen er berre starten av eit «helderparti» som strekkjer seg heilt opp mot Galtaryggen.

Vegen er no god å gå i. Om litt kjem ein til eit lite knip opp og ein er då oppe på Galtaryggen. Frå Brattabrekko og mest til Fraisføte er det eit myrdrag til venstre for vegen. Dette vart nytta som vinterveg der dei drog høy og ved/tømmer. I enden av Galtaryggen kjem ein til ei lita myr og tek då til venstre, over myra. ( Også i dette området veks det Pors.) Vegen er her heilt vekke, men den er godt synleg på andre sida. Ein går no over ein liten bekk før ein tek seg oppatt på ein ny liten rygg. Det er enno eit lite myrdrag til venstre. Vegen er no lett synleg og vekslar mellom skarv og små myrar. Berre om litt er ein på Fraisføte.

Fraisføte er omtala i Bolstadboka, men eg vil likevel leggja til at det er viktig å halda fotefaret reint for lauv og anna slik at ikkje Frais glir, om han eingong skulle koma attende.

”Eg gjekk om Fraisføte” eller ”eg gjekk om Vetlestølen” er to utrykk som har vore mykje brukt i Bolstadmarka. Dei vart sjølvsagt brukt for å omtala på kva side av dalføret ein gjekk. Frå Flåten og opp på Fraisføte var desidert det tyngste stykket å gå for å koma seg m.a. til Bolstadstølen. Samstundes var det lett!? å koma seg heimatt denne vegen. Med høybøra på sleden vil eg likevel tru det var nærast livsfårlegt å setja utfor. Frå Fraisføte til Bolstadstølen er det som flate vegen å rekna. Vegen held fram på skarv og myrar. Ei og anna myr har ”slukt” stien, men ein finn den alltid att på andre sida. Ein og annan liten bekk har funne vegen langs stien.

Etterkvart opnar landskapet seg og ein får ei stor, flat myr rett framme. Dette er Rostingsmyra. Det skal ha vore jernutvinning på myra. Namnet seier det.

Litt før ein kjem til myra delar vegen seg. Gamlevegen går beint fram, litt til venstre over ei lita høgd, på venstre sida av myra. Vegen er /var steinsett over den blautaste delen av myra. Vegen går vidare innunder Tortnahaugane og bort til Raudaskarvet.

Reitlevegen til Rasdalen gjekk òg her, og til venstre ved Raudaskarvet, opp og ut ein hjelle, Reitlehjellen. Den svingar utom yste delen av Tortnahaugane og inn på Tortnadalsmyra, vidare opp skaret ved Kapitlaløa og over i Rasdalen. Mest ingen nyttar Reitlevegen i dag.

Til høgre går vegen litt over nokre skorver før ein kjem til Rostingsmyra. Dette vegstykket er truleg vorte til under linebygging. Over myra, ute på kanten kan ein sjå ned mot Geitelva. Lia ned mot elva heiter Helvete, Vetla- og stora Helvete, og det med god grunn. Det er mildt sagt vanskeleg å ta seg fram, men det går ein sauesti gjennom

Kleivafurua om lag 1990

Kleivafurua 2010

området. Det skal vera ei løe i området ned mot elva. Eg har ikkje funne denne. Om lag midt på den store flaten delar vegen seg. Det stod ei mast her. Den vegen som går litt til høgre, mot kanten, er også lite brukt i dag og er i enkelte parti litt vanskeleg å fylgja, men dersom ein studerer terrenget vil ein heile tida sjå stien litt lenger framme. Vegen over Rostingsmyra er mest truleg ein snarveg som vart nytta av linjebyggjarar. Det er murt opp ein liten ”vegmur” nede i eit søkk. Stien kjem innatt på stølvegen om litt.

Tek ein til venstre, på flaten, i utkanten av myra, mest brukt i dag, vil ein straks vera på Raudaskarvet. Skarvet er eit stort rustraudt skarv som namnet seier. Raudaskarvet er eit lite landemerke. Det verkar som om ein er komen i enden på ein etappe. Det er ope landskap. Det er ikkje til å leggja skjul på at det er mykje skog langs stølsvegen. Difor verkar området kring Raudaskarvet, og Rostingsmyra mest som ei lunge i terrenget.

Ved Raudaskarvet er det òg eit vegdele. Frå Raudaskarvet ser ein no, mot sør, hytta til Anved Bolstad og i same retning Kleiva. Vegen forbi hytta til Anved og vidare mot og opp Kleiva er truleg gamlevegen

Eg veit ikkje kor tid Anved bygde hytta, men Anved hogde ved og tømmer i området i 60åra og hytta vart truleg bygd då. Den er bygd av reisverk. Det vart lagt nytt tak for om lag 30 år sidan.

Stølsvegen går no vidare, over Raudaskarvet, ned på ei myr og skrår seg ned til høgre. I eit parti no er vegen litt vanskeleg å fylgja. Held ein fram, på skrå, vil ein etter om lag 100 m. finna stien att. Om ikkje lenge kjem ein til Kleivafurua. Dette er ei gamal merkefuru. Det er lett å gå forbi denne, men dersom ein held auge med stien vil ein koma til eit parti der denne er full av ”rundkult”. Ser ein då rett ut til høgre vil ein sjå den. I 1990 var treet grønt og fint. I dag er det det ikkje nålar att og det meste av borken er fare av. Det mektige treet er i ferd å rotna. Me får håpa det vert ei «torrfora» av den, slik at ”merke stend”. Det står mange furuer i området, men ein er liksom ikkje i tvil om kva som er det rette treet. Den er diger, om lag 2,5 m. i omkrins og har/hadde ei skikkeleg flott kruna.

Ein passerar snart ein liten bekk og eit lite myrdrag ned mot elva, held fram, over litt skarv og myr og skrår etterkvart litt opp og kjem inn i ein nokre år gamal granskog. Ein er no oppe på ein liten flate.

Her kan ein ta vegen til venstre opp til nedre enden av Kleiva. Vegen opp Kleiva er bratt og gjekk litt i sikk sakk. Borte i sjølve Kleiva går vegen i ein sving ut til høgre, for så å svinga rundt ein liten knaus og opp på ein liten flate. Herifrå er det eit lite, men bratt parti opp. Om lag midtveges, midt i sjølve skaret ligg det ein stor stein. Dette er ein merkestein. Vel oppe vil ein no til venstre sjå restane av ei løe. Denne er omtala under turen frå Todalen.

Ein annan ting som er å fortelja er, at om ein går rett fram, frå hytta til Anved, kjem ein fyrst til eit ei myr, vel over denne byrja ei lita stigning. Her var det ein risgarde som strekte seg frå Kleivaberget, ned til elva, held fram på andre sida opp mot hammaren under Morkahaugen. Også omtala i stykket om Vetlestølen. Risgarden stengde vidare av Morkasmettet og enda oppe i ein hammar i Bjørnahjellen. Den dag i dag vert området mellom elva og Morkahaugen omtala som Morkagaren. Det var grind i risgaren om lag rett ned frå Kleiva. Grinda og delar av risgarden var synleg på slutten av 60-talet.

Far fortel at han var med dei gamle på vedlikehald av denne risgarden. I dag er Kleiva i ferd med å gro til av granskog. Ein ser merker etter garden også i dag, men då må ein gå inn mot Kleivaberget og sjå mot Mork. Då vil ein sjå ei ”stripa” med bjørk, som har vakse i garden. Det er eit svært tydeleg spor.

Morkagaren (Kleivagaren)

Held ein fram på stølsvegen ( Ein omtalar dette vegstykket som: «eg gjekk onde Kleive») vil ein om litt koma til Kleivaløene. Løene er rast saman, men ein kan enno sjå det meste av laftinga.

Løa yst.

Løe heimst.

Dette var Flåtagarden og Pergarden sine løer. Kva løe som var kven si er veit eg ikkje Løa lengst heime er 3 m. lang og 2,5 m. brei og har døropning i heimste enden. Mønet peika same vegen. Løa står på hjørnesteinar.

Den andre løa er 3,3 m. lang og 2.5 m. brei. Løa er ei av to eg har funne, som ikkje har døropning. I denne måtte høyet både inn og ut i ein av gavlane. I mange løer var gavlane åpne. Mønet peika mot elva. Under denne løa er det heil steinmur.

Til desse løene henta ein det meste av graset i dei store slåttene under Mork. Det heng enno løypestrengar over elva.

Løypestrengar

Ein vert av og til minna om slåttene. Det hender ofte at ein snublar i desse strengane medan ein går hjorteråk under Mork.

Stølsvegen held fram nokre meter ovanfor løene og enno mens ein ser løene, byrjar Rjomekleiva. Denne brekka, eller kleiva, er omtala i Bolstadboka, Den er bratt og litt vond å gå i, spesielt i regn. Det er mykje skarv i kleiva og er det fare for is, ja då er det å setja liv og helse på spel å ta seg opp eller ned kleiva. Eg skjøner godt at ikkje hesten likar Rjomekleiva. Vel oppe passerar ein snart eit bekkafar, held fram på ein fin sti og kjem til enno eit bekkafar. Frå venstre kjem no vegen frå, oppe på, Kleiva og Bergakleiva innatt på stølsvegen.

Dersom ein no vil gå opp Lia, mot Fagerbrekkene kan ein ta seg inn her og så dreia litt til høgre. Rett i mot har ein då ei li som er til å verta sveitt av berre ved tanken på å gå opp. I det ein passerar bekken kjem ein til eit parti, om lag 50 m., der vegen går over sleipe skarv, som er farlege for menneske å gå og for ein hest ikkje minst.

Eg er ikkje så sikker på at hestevegen gjekk her. Mest truleg er det at, med hest måtte ein ta seg eit lite stykke opp Bergakleiva i Lia, dreia til høgre for så å koma ned i stølsvegen ovanfor det vanskelege vegstykket. Eg har eit minne av at det gjekk ein sti opp her, mot Lia.

I dag er det ein slags veg opp der, men den er laga av V.O.E. i samband med riving av høgspentlina mellom Bolstad og Øye. Dei hadde ei lita gravemaskin til hjelp. Vidare kjem ein no inn i Kjelshola. Ein veit at ein er der når ein må over ei myr, og denne er steinlagt.

Myra i Kjelsholo

Det er flate vegen vidare, og om litt vil ein sjå det som ser ut som ein laga veg på høgre sida, ned mot elva. Dersom ein går ned denne vil ein få auga på Elvaløa nede ved elva. Rett i mot, over elva vil ein no sjå Morkøyane, elva som kjem derifrå, Skarpheia, Skarpheigjela og delar av Morkaleinene. Litt til venstre ser ein Bjørkebotnen og litt til høgre Mork, og hytta til han Lars” Flåten” Bolstad.

Elvaløo 2008

Elvaløo

Elvaløa er godt bevart, sjølv om taket er rast saman og ein del av tømmeret er råteskadd. Den vil nok enno ein del år vera synleg i terrenget. Nedanfor løa er det eit naturleg vad som er mykje brukt av hjortejegrane i Bolstadmarka. Det er og ein fin badehøl ved vadet.

Elvaløe er 3 m. lang og 2,7 m. brei. Den står på hjørnesteinar, har døropninga i heimste enden og mønet same vegen. Av tømmeret kan ein sjå at delar av løe er bygd av brukte materialar. M.a. er det rissa inn PB 1867 opp ned på ein stokk. MEDB 03 er og rissa inn berre meir for seg gjort. Det kan sjå ut som om det er ein gammal tømrar som har skreve. Far min hugsa godt at han ovarnatta i løa. Slåttekarane gjorde ofte det, for å nytta slåttedogg og god tørke fullt ut. Løa høyrde til Pergarden og dei hadde slåtter på begge sider av elva. Oppe i vegen att, held ein no fram mot eit område med mykje vassig, blaut myr og sleipe skarv. Her var det grind i ein risgarde som gjekk frå hammarkanten til høgre, ned til elva, heldt fram på andre sida, på venstre sida av Morkøyane like opp til hamrane i nedste delen av Skarpheigjela.

Ein rundar hammarkanten, som strekkjer seg så langt ein ser, opp til venstre. Ein er no i nedste delen av Brislingabotnen. Vegen opp Brislingabotnen startar der det er mest vatn i vegen. Den tydelegaste vegen held fram bort mot ”Everkshytte” og fram til Laupesbrua. Den vegen er mest brukt i dag, men me skal gå Gamlevegen. Ein tek seg då opp den slake brekka om lag midt i ”dalen”. Tek så litt til høgre opp på ein liten rygg. Frå vegen nede og opp her er vegen lite synleg. Dette har si årsak i mykje vassig og det at vegen er lite brukt. Oppe på ryggen finn ein vegen att. Vegen går no til venstre for dalføret gjennom eit lite skard og kjem opp til eit myrdrag som strekkjer seg heilt opp til enden av Fagerbrekkene. Vegen heldt seg no til venstre for myrdraget, på ”turt” land. Vegen er ikkje alltid like synleg, men går ein der det er lagleg å gå, ja så finn ein den att. Heilt i enden av myrdraget er det ei svartmyr. Etter å ha passert denne vil ein no sjå Geitelva att, rett fram. Ein tek no til venstre langs elva. Gamlevegen kryssar elva ved eit naturleg vad, held fram på andre sida, til venstre for ein liten haug og kryssar så elva att. Vel over vil ein finna ein helleveg som endar i Harevegen. Geitelva vert frå her og like opp i Bergskaret kalla Stølselva. I dag kryssar ein ikkje elva, men går langs elva vidare og vil om litt passara eit lite ”knip” kloss i elva. Elva har her, berre i mi tid, grave seg inn i bakken slik at vegen har vorte flytta lenger og lenger opp i brekka. Vel forbi går ein langs elva og møter straks Hellevegen. Er ein fyrst i Harevegen, ja då er det lett resten, heilt til stølen.