Om roarar og fiske i Bolstadelva

Skrive og fortalt av Nils E. Bolstad

Nils N. Bolstad (1848-1917) hadde vore i Amerika frå 1871 til 1880. Då han kom heimatt byrja han som roar og tolk for dei engelske sportsfiskarane i Bolstadelva. Han var også med som tolk i Namsen og andre norske elvar, han var også ein tur til England.

I dei dagar hadde dei berre ein båt i elva. Dei tok til å fiske øvst i elva og løypte seg nedover frå høl til høl. Når dei so var komne i Bolstadhølen som er nedste hølen var det for roaren å dra båten oppatt. Det var eit slitsomt arbeid. I dag har dei 1-2 båtar i kvar høl. Det har vore mange roarar i Bolstadelva fram gjennom tidene. Dei faste roarane som kjende elva og fiskeplassane lærde opp dei yngre. Særleg lyt dei læra å løypa nedover straumen og i sjøen om fisken tok ut. I seinare år er det mange skuleungdomar som har hatt roing som arbeid i ferien. Det har vore fiskarar i Bolstadelva frå mange forskjellige land, Sverige, Danmark, Finnland, Tyskland, Belgia og Amerika. Men dei fleste har vore engelskmenn, Og det har vore ymse episodar langs elvebreidda om summaren.

Eg hugsar ei eldre amerikanerinne som fekk ein stor laks på kroken. Då roaren gjekk or båten og i land so dei kunde få kleppa fisken datt buksa hennar nedover støvlane og ho stod att i berre trusa. Men ho brydde seg ikkje om det, ho var berre oppteken av laksen. Då var det ei Bolstadkone som tok å hjelpte til so ho fekk buksa på plass att. Laksen kom på land utan meir "dramatikk". Han vog 25 kg. Ein gong rodde eg for den amerikanske ambassadøren til Sverige. Me fiska i Bolstadhølen. Fyrste fisken me fekk vog 13-14 kg. Me byrja på nytt. Best det var beit det ein til på, det var ein større fisk. Me held oss lenge i hølen men seig lenger og lenger nedover so eg forstod me måtte i sjøen med han. Og best det var skar laksen ut, som venta, og nedover stryket bar det. Då me var komne ned i sjøen snudde han seg på tofta og spurde kvar me var komne av. Eg svara på "fiskespråket" at me hadde løypt ned i sjøen. Han fylgde meir med kvar laksen var, ikkje kvar båten for. Han brukte kvite hanskar når han fiska, dei var ikkje nett kvite etter at me hadde landa fisken. Laksen vog 25,5 kg.

Ein kveld i midten av august stod eg å fiska med flu nest i Langhølen. Nedanfor meg låg ein stor stein på botnen, og der laga det seg ein bakevje. Med eg står der, ser eg ei stor ryggfinne på ein laks som kom opp or vatnet der. Eg bytte straks til ein lakseflu, men den vilde han ikkje ha. Eg prøvde fleire, man han beit ikkje. Då tenkte eg at den fiksen måtte vera sjuk, eller ha ein sluk eller prawn i seg. No kunne eg ikkje nå ut til han med klepp, so eg gjekk inn på bakken hans Anved Strondi og skar meg ei lang ørretrova. I ei høyhes fann eg streng som eg surra kleppen godt fast til trova med, og so nedatt til same staden i elva. Og så med eg stor der og lurar på om fisken er der endå, der ser ryggfinnen oppor vatnet. Eg går då sakte ut i elva oppover mot bakevja til eg reknar med å nå ut med kleppen, han var pålag 4 m. Strekkjer stonga med kleppen ut der fisken stod, held kleppen roleg og var spent på om han var reist. So med eit kom rygguggen oppatt. Eg hogde til, og det barst mot land, men han var svært tung. Laksen var min, han vog 17 kg. Fann ikkje ut at han var sjuk eller hadde noko reidskap i seg heller. Men det var fyrste gongen det var fiska laks på den måten, so det hender so mangt.

Det å trøytta ut ein laks når du fiskar med fluge kan verte svært langvarig, det fekk ein engelskmann sanna, han sat og heldt på ein laks i 22 timar og ville ikkje ro til land. Han var van med Namsen som er ei still elv, og der kleppar dei frå båten. Ikkje hadde dei mat med, for ikkje å snakka om dei problem som elles melde seg. Mat vart sendt til dei frå engelskmannhuset (so me kalla det). Roaren var i land ein gong, men då sat Tilny, som mannen heitte, og såg attom seg heile tida og var ikkje bild. Sjølv var han ikkje i land, og fiksen mista dei etter mest eit døgn i båten.